god stemning barn bra lys

Tilbakeblikk: Denne sommaren kom The Dale Oen Experience til Fedje!

Sjå bilder frå sommaren på Fedje mens hauststormane rasar!

Både i juni og august var det opent for alle i alderen 7-15 år å melda seg på sommaraktivitetar relatert til vannsport og aktivitetar ved sjøen. Hovudfokuset var aktivitet saman, vennskap, spenning og kunnskap hand i hand.

The Dale Oen Experience er ein frivelleg organisasjon som har trua på at mestring gjennom aktivitet er ein nøkkel for at du skal kunne verta den du har lyst til å vera. Fedje kommune spurte Dale Oen Experience om dei ville koma til Fedje. Det var dei interessert i.

Vêret var ikkje med oss i juni, men vi hadde likevel fine dagar, seier arrangørane.

Borna og ungdommane var ute i båt, var på besøk til oppdrettsannlegget på Fedje, rodde og var i water-ball. Då veret vart for kaldt og vått til å vere ute i, gjekk vi i symjebassenget og i bowlinghallen. Vi hadde fairplay–fotballturnering på tvers av både aldersgrupper og kulturar. Kjempegøy!

I august kom heldigvis finvêret og alle fekk kjøre båt, stå på SUP-board, kjøre vannscooter og bananbåt. Det var også ein klatrevegg som dei som ville kunne prøve seg i, og  sjølvsagt fekk alle ein tur opp i Hellisøy fyr. Det var om lag 30 born som nytta seg av tilbodet. Kommunen ga integreringsmidler til prosjektet, som hadde fokus på samarbeid på tvers av alder og kultur, i vår nydelege natur.

Vi hadde det kjempegøy og vi håpar at fleire vil vere med til neste år, seier Dale Oen Experience-gjengen

 

bading
barn i ball
barn i fyret
barn i våtdrakt
barn innefotball hopp
Barn på mur
Barn som ror
barn som spiser
barn på bananbåt
bowlingkuler og gutt
båt med sjåfør
dribling gutter
glad gutt ror
glad jente båt
gutt utsikt
Jente bader
jente får hjelp klatring nærbilde
jente som ror
jubel fotball
mange barn i fyret
matsal mange barn
piknik barn
to barn spiser og ler
to jenter båt
tre barn i fyret bra lys
Web levert av CustomPublish