Busetjing flyktningar - infomøte 281015 -01

Stor oppslutnad om flyktningmøte

Busetjing av flyktningar og Syria var tema då William Kweku Paintsil og Miriam Khider frå International Organization for Migration (IOM) gjesta Fedje onsdag 28. oktober.

Busetjing flyktningar - infomøte 281015 -06
Mange frammøtte, men likevel rikeleg med mat, då IOM hadde møte på Fedje onsdag 28. oktober 2015.

Stor interesse

Eit førti-tals personar møtte på informasjonsmøtet, som gjekk på dagtid i Fedje fleirbrukshall. Her var alt frå offentleg tilsette til interesserte og engasjerte einskildmenneske til stades. Etter servering av betasuppe og kaffi fekk dei frammøtte ei god innføring i syrisk historie, kultur og det syriske samfunn før og etter krigen, som braut ut i 2011. Miriam frå IOM fortalde om eit Syria med stor forskjell mellom urbane byer og tradisjonell landsbygd. Ikkje minst fekk me gode innspel på kva me bør ha i tankane når me no skal ta i mot menneske på flukt.

Meir enn 250 000 menneskeliv har gått tapt i krigen, i følgje FN. Elleve millionar syrarar er på flukt - sju av dei internt i landet. Dei fleste flyktningane utanfor Syria oppheld seg i nabolanda. Nabolanda er difor under stort press grunna det høge talet på flyktningar. Hjelpeprogramma til FN er berre halvvegs finansierte, så det er mangel på mat og medisinar til kronisk sjuke.

Foto: William Kweku Paintsil, IOM 2015
Miriam Khedir er frå Irak, men budde mange år i Syria under oppveksten. No har ho budd, studert og jobba i Noreg i fleire år. Ho har nyleg lært kvoteflyktningar om kultur og samfunn i Noreg. Foto: William Kweku Paintsil, IOM 2015

Kvoteflyktningar lærer om oss - og me om dei

Dei første flyktningane som er stadfesta på veg til Fedje, er syriske kvoteflyktningar. I motsetnad til asylsøkarar, har dei ikkje sjølve tatt seg til norskegrensa. Syriske kvoteflyktningar kjem direkte til Noreg, gjerne frå eitt av nabolanda til Syria. Dei er plukka ut av FN si høgkommisjonær for flyktningar (UNHCR) av di dei korkje kan returnera til heimlandet, eller få opphald i landet dei befinn seg i. Dei treng vern og moglegheita til å byggje opp att sine liv.

Før avreise til Noreg må flyktningane gjennom kurs om norske kultur- og samfunnstilhøve. Miriam Khider har vore der og gitt kulturorientering til kvoteflyktningar som skal til Noreg. Her på Fedje var ho på mange måtar i den motsette rolla. No var det fedjingar som fekk kulturorientering om Syria. Miriam snakka om sine erfaringar, kven kvoteflyktningane er og kor dei kjem i frå i Syria.

Dei fleste kvoteflyktningane kjem frå landsbygda. Ein del kjem også frå krigsherja byer i landet. På landsbygda er det dårlegare infrastruktur og ingen institusjonar for høgare utdanning. Utdanningsnivået er lågare og kjønsrollene er meir tradisjonelle enn i byene. I byene er likestillinga større, og det har vore vanleg for kvinner å ta høgare utdanning i mange tiår. På eit fotografi frå 1940 med eit kull syriske medisinstudentar, kunne ein sjå at fleirtalet var kvinner. Bestemora til Miriam, som sjølv er frå Syria, hadde også høgare utdanning.

Æskjeret - måse mot Øygarden
Flyktningane som kjem til oss, møter eit nytt samfunn og ein annleis kultur. Me møter nye menneske, som er like og ulike oss, og som me må læra å kjenna.

Å møta det ukjente

Ting tar tid var eit viktig bodskap å ta med seg. Me må ikkje venta oss at ting fell i orden for flyktningane etter nokre veker eller månader. Prøv å sette deg inn i situasjonen - du vert rykka opp med rot frå det samfunnet du kjenner og ønskjer å bu i, og må flykta og slå deg ned i eit ukjent land, med eit språk og ein kultur du ikkje kjenner. Systemet er nytt og framandt, du har inkje nettverk og mange i ditt nye land vil ikkje forstå seg på deg - dine tolkingar, ditt kroppsspråk, osb. Du lengtar heim til røtene dine. Livet ditt har vore på vent i fire år. Du har budd i ein flyktningleir eller med heile familien i ein eitt-roms leilegheit, og det er strev nok med å få mat på bordet. Kanskje har barna dine vore utan skulegang desse åra. No skal du byrja på nytt. Er det gjort i ei handvending?

Kva kan me gjera? Skal me lykkast med busetjing av flyktningar, må me sjå på det som eit felles prosjekt. Me må vera flinke til å gi rom, me må visa tolmod og me må visa openheit. Me må akseptera at flyktningane i periodar ønskjer seg attende til sitt heimland, sjølv når dei veit at det er umogleg. Ville ikkje me også tenkt tanken, når det butta i mot? Det kjem til å verte utfordringar, og det kjem til å verte mistydingar. Ting tar tid. Men med tid og tolmod går også det meste bra

Web levert av CustomPublish