Størje

Makrellstørje

Størjefiske - eit nytt eventyr for kysten?

Fedje kommune inviterer fiskarar, næringsliv, politikarar og andre interesserte til konferanse på Fedje 11.januar 2018.

Størjefisket frå 1950 og framover til 1980-talet, var eit eventyr langs kysten. Makrellstørja er verdas største beinfisk, og dei som når våre farvatn veg ofte 3-400 kg. Tradisjonelt har fisket gått føre seg om sommaren, i fint stille ver. I vind og bølgjer var det uråd å få auga på fisken. I dag kan ein nytta sonar til å følgja både fart og retning på størja før ein kastar. Dei som fekk fangst tok størja til lands for sløying og frakt til marknaden. Det krov kaianlegg og mannskap til sløyejobben. Og det igjen trakk til seg unge og eldre for å sjå på eventyret.

 

Dei siste åra har det kome mange meldingar om at makrellstørja er observert langs kysten. Somrane 2015 og 2016 var “Hillersøy” frå Bulandet på prøvefiske. I 2015 fekk dei ikkje noko, men i midten av september 2016 bar det til. Dagane før hadde dei hatt ei rekkje bomkast, men dette var eit skikkeleg storkast. 191 størjer var det i kastet! I 2017 var det “Bluefin” frå Florø som vann loddtrekninga om årets ringnotkvote. Dei fiska heile kvoten sin, og måtte sleppa ut størjer av nota for ikkje å gå ut over kvoten.

 

Fedje var eit viktig knutepunkt for størjefisket på 1900-talet. Det var difor naturleg at spørsmålet reiste seg: Kva må me gjera for å bu oss på eit nytt størjeeventyr, eit eventyr som ikkje skal slutta pga kortsiktig overfiske?

 

For å finna svaret på dette spørsmålet, inviterer me til konferanse der næringsinteresser møter fiskeripolitiske styresmakter, forskarar, verkemiddelapparatet, regionale og lokale politikarar, og oppkjøparar/eksportørar. Konferansen er støtta av Hordaland Fylkeskommune.

 

Me ønskjer at konferansen også skal oppsummera dei viktigaste utfordringane å ta tak i, og gjerne adressera ansvaret for å ta dei vidare i ev. nye utviklingsprosjekt.

 

Konferansen vert halden i Fedje fleirbrukshall, torsdag 11. januar 2018. kl. 1030 - 1630

 

 


Meld deg på her innan 10.desember.

 

Program for konferansen på Fedje 11. januar 2018

Kl. 1030                    Registrering

                                 Rundstykke, kaffi, te

Kl. 1100                    Velkomen til Fedje v/rådmann Ingebjørg Vamråk

 

Kl. 1115                    Målet med konferansen

                                 v/ professor Sigurd Handeland, UNI Research

 

Kl. 1130                   -Kan makrellstørja verta ein berekraftig ressurs i norske

                                 farvatn?

                                 v/ forskar Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet

 

Kl. 1200                   -Kva vil norsk forvaltning med makrellstørja?

 v/ avdelingsdirektør Sigrun Holst, Nærings- og fiskeridepartementet og

 seniorrådgjevar Maja Kirkegaard Brix, Fiskeridirektoratet                               

Kl. 1245                    Spørsmål til drøfting

 

Kl. 1315                    Lunsj

 

Kl. 1400                    Erfaringar frå fisket i 2016 og 2017

                                 v/ Tore Hillersøy, «MS Hillersøy» og Atle Nekkøy,

                                 «MS Bluefin»

 

Kl. 1430                   Samtale mellom innleiarane og salen om ulike spørsmål

knytt til den praktiske sida ved sjølve fisket, kvalitet, pris

m.m.

 

Kl. 1515                   Kaffi – og noko å bita i

 

Kl. 1530                   Panelsamtale mellom innleiarane

                                Tema:

-          Størjefisket i 2027

-          Teknologi i fisket

-          Kvifor ikkje linefiske?

-          Infrastrukturen – finst den?

-          Kven skal få kvotar?

 

Kl. 1615                   Oppsummering v/kompetansemeklar

                                Kven gjer kva for å følgja opp konferansen?

 

Kl.1630                    Slutt                                     

 

Web levert av CustomPublish