St√łnadsordningar i Fedje kommune

Her finn du eit oversyn over nokre stønadsordningar du kan søke på her i kommunen.

Kulturmidlar
Fedje kommune har kr. 110000,- til fordeling. Desse midlane kan søkjast på av lag og organisasjonar som har si drift på Fedje. Det vert kunngjort søknadsfrist ein gong per år.

Søknadsskjema finn du på skjema-sida (under "Sjølvbetjening").

Tilskot til tilpassing

Behov for tilrettelegging av bustaden din? Har du behov for å få fjerna dørstokker, utvida døropninger eller andre bygningsmessige tiltak for å kunne verta buande i huset ditt? Fedje kommune har tilgjengelig midler frå Husbanken til vidarefordeling til enkeltpersoner.

MÅLGRUPPE:
- personer med nedsett funksjonsevne
- eldre som vil tilpassa bustaden sin for å kunne verta buande heime

Ønsker du nærare opplysninger om ordninga, ta kontakt med NAV FEDJE.


Pendlartilskot
Årleg tilskotssum er for tida kr. 15000,- og vert avkorta etter stillingsstorleik. Ordninga omfattar dei som pendlar minst 3 dagar pr. veke. Søknad skal sendast etterskotsvis og innan 30.06 og 30.11 kvart år. Søknader som kjem etter søknadsfristen vert ikkje handsama. Førstegongssøkjarar må leggje ved stadfesting på arbeidsforfold. Endringar i arbeidsforhold må dokumenterast.
 
Søknadsskjema finn du på skjema-sida (under "Sjølvbetjening").
 

 

Skriv ut Skriv ut