Valg logo gull

Valg logo gull

Står du i manntalet?

Det er Storting- og Sametingsval måndag 11.september 2017. Du må stå i manntalet om du skal kunne røyste ved vala. Du kan kontrollere om du står i manntalet for din kommune når manntalslistene vert lagt ut ca. 15. juli og fram til valdagen.

På Fedje kan du sjekke om du står i manntalet her:

Matkroken Fedje (spør betjeninga)

Kommunehuset

Du kan også ringe til kommunehuset, tlf 56165100, for å kontrollere om du står i manntalet.

Dersom nokon meiner at dei sjølv eller andre med urette har vorte innført eller ikkje er teken med i manntalet, kan vedkomande krevja at valstyret rettar feilen. Krav om retting av feil skal sendast til: Valstyret i Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje

 

Har du flytta til kommunen og folkeregisteret ikkje har fått melding om flytting innan 30.06.17, står du framleis i den kommunen du flytta frå. Du kan då førehandsrøyste der du bur no, eller røyste på valdagen i den kommunen du flytta frå.  

 

Det vert førehandsrøysting på kommunehuset i perioden 10.august t.o.m. 8.september.

 

For nærare informasjon om Stortings- og Sametingsvalet 2017, sjå kommunane sine heimesider, www.valg.no eller ta kontakt på kommunehuset.

 

Stian Herøy

Leiar i valstyret

Fedje

 

Web levert av CustomPublish