Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Beskrivelse

Kommunen innvilgar tilskott til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga frå jordbruket, ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. Frå 2004 inngår tilskott til "Spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap", "Investeringsstøtte til miljøtiltak" og "Tilskudd til miljørettet omlegging i kornområdene" i denne ordninga. Kommunen disponerer årleg ei tilskottsramme som blir tildelt frå Fylkesmannen.

Målgruppe

Tilskott kan bli innvilga til føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. Det kan ikkje bli innvilga tilskott til prosjekt eller tiltak på landbrukseigedommar som er eigde og blir drivne av stat, fylke eller kommune med mindre tiltaket er eit fellestiltak der ein eller fleire landbrukseigedommar som har krav på tilskott, er med.

Vilkår

Miljøplan trinn 2 skal leggjast ved søknaden for søkjarar som er pålagde å ha miljøplan. Det kan setjast vilkår for innvilging av tilskott til kvart einskilt prosjekt og tiltak.

Veiledning

Du skal bruke søknadsskjema frå Statens landbruksforvalting. Du kan få hjelp av kommunen til å fylle ut søknaden.

Saksbehandling

Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan én månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Kommunen avgjer søknaden om tilskott. Kommunen prioriterer søknader innanfor ein fleirårig tiltaksstrategi som kommunen utarbeider. Innvilga tilskott blir utbetalt etter skriftleg oppmoding frå tilskottsmottakar og når prosjektet eller tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Det kan utbetalast forskott på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av prosjektet eller tiltaket er utført.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Annet

Lover

Web levert av CustomPublish