Ordning med gratis kjernetid vart utvida frå 1. august 2016

Søkje om redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid i barnehagen

Ordninga med 20 timar gratis opphaldstid for 4 og 5 åringar i barnehage, som bur i hushaldningar med lav inntekt, vart utvida til óg å gjelde 3 åringar fra 1. august 2016. Inntektsgrensa frå den dato er satt til 450 000 kroner.

Born som har rett på gratis kjernetid har også rett på reduksjon i foreldrebetalinga. Hushaldninger med ei samla årsinntekt som er lågare enn 500 500 kroner skal betale maks 6 prosent av inntekta. Ved berekning av foreldrebetaling for ein heiltidsplass, skal det først bereknast etter ordninga med Reduksjon av foreldrebetaling ut frå inntekt, deretter skal det trekkast frå verdien av dei 20 gratistimane.

 

Søknadsfrist for gratis kjernetid og reduksjon av foreldrebetaling ut frå inntekt

Søknad må leverast årleg og kopi av siste sjølvmelding skal leggjast ved som dokumentasjon.

Det skal søkjast seinast 3 veker etter de har takka ja til barnehageplass. For dei som har barnehageplass skal det søkjast innan utgangen av juni.

Korleis søkje:

Det er kommunen som har ansvar for desse ordningane.

Det skal sendast eitt skjema for kvart born.

Barnehage - skjema for redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid i barnehagen finn du her.

Web levert av CustomPublish