Du er her: Start/Nyhendearkiv
Prest og barn vinker

Presten og skuleelevar gløymde ikkje alle dei som sat på sjukeheimen og følgde med.

Skulegudsteneste til glede for unge og gamle

Mange hadde glede av skulegudstenesten i Fedje kyrkje i dag. Både barnehagebarn,skuleelevar og prest song og framførte til glede for store og små.

Dei på sjukeheimen vart heller ikkje gløymd, når prest og skuleelevar vinka til dei. Dei kan nemlig sjå heile gudstenesten direkte gjennom eit kamera kobla til sjukeheimen. Dei frammøtte fekk sjå mykje forskjellig. Presten fekk kyrkjegjengarane til å le med sin fremføring av juleevangeliet illustrert med legofigurar. Medan skule og barnehage imponerte med både korsong, solosong, piano, skodespel og opplesing av tekst  På Fedje er det mange flinke barn, og det vart prova i kykrja i dag.

Per-Børge fremfører juleevangeliet
Juleevangeliet vart illustrert med lego-figurar og en prest med stor innleving.
Barnehagen
Barnehagen song aleine på fyrste vers av "Det lyser i stille grender"
Web levert av CustomPublish