Skulefritidsordninga (SFO)

SFO/skulefritidsordning er eit tilbod til elevane i 1.- 4. klasse, og det må søkjast om plass for kvart skuleår. SFO følgjer barnehageåret.
 

Når skulen har fri, er SFO open kl. 7.30 - 16.00 kvar dag frå måndag til fredag etter barnehageruta. SFO held til på Fedje skule ("nyeskulen").

I skuletida er opningstidene kl. 7.30 - 8.30 og frå skuledagslutt for 1.- 4. klasse og fram til kl. 16.00.

Skule/Barnehageruta viser når SFO er open, og når SFO er stengt pga planleggingsdagar, høgtidsdagar, andre fridagar og feriar.

Det er mogeleg å søkje om plass heile året.

Vedtektene til SFO finn du her.

Betalingssatsar til SFO kan du finne her.

Web levert av CustomPublish