Skog- og lyngbrannfare. Forbod mot røyking og open ild.

Dette må du vete før du gjer opp bål

Skogbrannfare

Båbrenning og grilling er hyggeleg både på tur og i eigen hage. Les meir om kva du må vete for å gjere opp bål ved å klikke på saka. 

Kva er generelt bålforbod?

I Noreg må vi alle vere varsam og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Dette gjeld alle, heile tida og over alt.

I tilleg har vi eit generelt bålforbod frå 15.april til 15.september som seier at det er forbode å gjere opp eld og grille i eller i nærleiken av skog og anna utmark. Brannvesenet kan likevel gje løyve til å gjere opp eld, viss du søkjer om dette. Sjekk alltid kva slags reglar som gjeld for din kommune før du gjer opp eld. 

Stranda vil ofte reknast som utmark og vil derfor vere omfatta av det generelle bålforbodet. Viss ein likevel ønskjer å gjere opp eld eller grille, må ein søkje om løyve frå kommunen. 

Sjølv om det er eit generelt bålforbod har du lov til å gjere opp eld der det er opplagd at det ikkje kan starte ein brann. Det skal veldig mykje nedbør til før det er opplagd at det ikkje kan føre til brann. 

Ved brot på plikten om å vere varsam eller det generelle bålforbodet kan ein straffast med bot eller fengsel. 

 

Kan eg gille i eigen hage?

Viss ein skal grille på områder som er langt unna skog og utmark, til dømes i hagar eller på tilrettelagd grill- og bålplassar i parkar, gjeld den vanlege plikten om å vere varsam. Det vil seie at du må vere varsam, ansvarsfull og elden må vere totalt sløkt før du forlet staden. 

Viss du bruker eingongsgrill, må du hugse å vurdere barnnfaren mot underlaget.  Under eingongsgrillen vert det varmt og underlaget kan fort ta fyr eller verte skada av varmen. Sett aldri grillen direkte på bakken. 

 

Er det lov med bål på sankthans?

Du må søkje brannvesenet i din kommune om å få løyve til å gjere opp sankthansbål. Brannvesenet vil i si vurdering mellom anna sjå på plassen det vert søkt å gjere opp eld på, brannfaren og veret. Brannvesenet kan sette vilkår for løyvet. Den som søkjer om å få gjere opp eld må sjølvsagt også ha avklara med grunneigar at det kan gjerast opp eld. 

 

Tips til trygg bålbrenning:

- Ta omsyn til skogbrannfare og vindforhold

- Det er alltid den som brenn bål som har ansvaret for branntryggleiken.

- Bålet må vere i god avstand frå busetnad og vegetasjon.

- Det er ikkje lov å gjere opp eld på svaberg. 

- Bålet må ikkje vere større enn at du har kontroll på det og kan sløkke det ved behov. 

- Ha egna middel for sløkking lett tilgjengeleg.

- Det er forbode å brenne plast, bygningsmateriale og anna søppel. 

- Når du forlet bålplassen skal bålet vere heilt sløkt. 

På skogbrannindeksen til yr.no kan du sjå om det er fare for skogbrann der du bur. 

ENGELSK_Dette må du vite før du tenner bål.docx PDF document ODT document          TYSK_Dette må du vite før du tenner bål.docx PDF document ODT document

 

Web levert av CustomPublish