Særlege samfunnsansvar

Trekkfuglane kjem - Mattilsynet treng hjelp frå deg for å ta fugleinfluensaprøver

I desse dagar kjem trekkfuglane frå Sentral-Europa til Norge. Eit stort utbrot av fugleinfluensa i Sentral-Europa gjer at det er høg risiko for at desse fuglane kan bære med seg smitte til Norge. Mattilsynet vil difor intensivera overvakinga av villfugl for tidlig å kunne oppdage når fugleinfluensa kjem til Norge.

05. april 2017 Les meir

Folkehelsearbeidet - betyr helse i alt vi gjer!

Det er nedfelt i lov om Folkehelsearbeid frå 2012 at alle sektorar har ansvar for å tenkje på førebyggjande og helsefremjande tiltak i planarbeid og gjennom all aktivitet på alle nivå og for alle i samfunnet vårt.  Ei lokalt oppnemnt folkehelsegruppe arbeidar med spesifikke tema og set fokus på tiltak for å betra folkehelsa. Har du gode idèear, så ta gjerne kontakt med kommuneoverlegen på tlf 561654031 eller erhorgen@online.no .

17. desember 2013 Les meir

Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern er ei oppgåve som ligg til kommuneoverlegen. Det inneber at om innbyggjarane er uroa for tilhøve som kan ha negative konsekvensar for helsa, kan dei ta kontakt med kommuneoverlegen. Eksempel på tilhøve er: støy, forureining, bederva mat, skadedyr m.v.

Om du lurer på noko, eller har mistanke om helsefare,  ta kontakt på telefon 56164031 eller erhorgen@online.no

17. desember 2013 Les meir
Utsyn over Kopper ein vintermorgon. Foto: Even Vaular, 2014

Samfunnstryggleik og beredskap

Kommunane er pålagde å ha ei beredskapsleiing som skal handtera krisesituasjonar.

08. oktober 2013 Les meir
Web levert av CustomPublish