Du er her: Start»Politikk»Val

Val

Val 2015 - logo gull

Resultat frå kommunevalet på Fedje 2015

Kommunevalet 2015 synar at det vert endringar i det politiske landskapet på Fedje. Høgre og Kristeleg Folkeparti står fram som valvinnarar, medan Arbeidarpartiet har tapt terreng.

Fordeling av stemmene

Høgre vart største parti med 33,4 % av stemmene. Dei gjekk opp 4,9 % frå førre val. Kristeleg folkeparti vart nest størst med 24,9 % av stemmene (opp 5,3 %), medan Arbeidarpartiet kom hakk i hæl med 24 % (ned 10,6 % frå valet i 2011). Framstegspartiet på Fedje fekk ein oppslutnad på 12,4 % (ned 0,3 %), medan Demokratane fekk 5,2 % av stemmene (opp 0,7 %).

Nytt kommunestyre

På Fedje er det femten mandat i kommunestyret. Følgjande fordeling av mandata gjeld etter 2015-valet:

Mandat i kommunestyret frå 2015 Tal

Endring frå 2011-valet

Høgre 5 + 1
Kristeleg folkeparti 4 + 1
Arbeidarpartiet 3 - 2
Framstegspartiet 2  0
Demokratane 1  0

 

Nytt kommunestyre vert:

Kommunestyret på Fedje etter valet 14. september 2015

AP H KRF FRP DEM
Kristin B. Handeland Stian Herøy Roy Asle Tungland Bjørn K. Solbakk Per Opsahl
Stian Storemark Paul G. Gullaksen Ingmar Stuberg Ottar M. Tangen  
Terje Blomvågnes Tonje S. Gullaksen Olav N. Husa    
  Erling B. R. Walderhaug Tove Nordseth    
  Jon Harald Leknes      

 

Følgjande personar gjorde opprykk på partilistene og sikra seg plass i kommunestyret:

Terje Blomvågnes rykka opp frå fjerde plass på AP-lista og tok AP sitt siste mandat i kommunestyret. Olav N. Husa rykka opp frå åttande plass på KRF-lista og inn i kommunestyret. For Høgre kom Erling B. R. Walderhaug (16. plass på lista) og Jon Harald Leknes (sjette plass) inn i kommunestyret.

Les meir om valet på heimesidene til avisa Nordhordland her.

Høg valdeltaking

Etter at 100 % av stemmene er talde opp, kan me sjå at valdeltakinga ved kommunevalet 2015 er på 82,9 %. Dette er ein nedgang på 3,5 % frå den rekordhøge deltakinga i kommunevalet i 2011. Då var Fedje den kommunen med klart høgast valdeltaking i landet, foran Røyrvik i Nord-Trøndelag (81,3%) og Kvitsøy i Rogaland (80,7%). Deltakinga i årets val på Fedje er difor særs god.

Web levert av CustomPublish