Innbyggarundersøking om kommunereform i Lindås, Radøy og Fedje kommunar. Gjennomført av Opinion i april og mai 2016.

Innbyggarundersøking om kommunereform i Lindås, Radøy og Fedje kommunar. Gjennomført av Opinion i april og mai 2016.

Resultat frå innbyggarundersøkinga

Samstundes med at det vart halde folkerøystingar om kommunesamanslåingar i dei andre Nordhordlandskommunane, vart resultata frå innbyggarundersøkinga i Lindås, Radøy og Fedje kommunar presentert i går, måndag 23. mai.

Innbyggarundersøkinga har hatt som mål å få fram korleis innbyggarane i dei tre kommunane stiller seg til ei eventuell kommunesamanslåing. På Fedje har 101 personar deltatt i undersøkinga. Det er eit solid tal som sikrar god representativitet i undersøkinga. Personar frå 15 år (født seinast i år 2000) og oppover er spurde.

Undersøkinga kort oppsummert

Spørsmål

Svar

Kor nøgde er folk med måten kommunen løyser oppgåvene sine på i dag?

 

I snitt for alle kommunane er halvparten svært eller ganske nøgd. Meir enn ein tredjedel svarar at dei er korkje nøgde eller misnøgde. Mest nøgde er dei spurde i Fedje kommune. Her er 65 prosent nøgde, 22 prosent korkje nøgde eller misnøgde og 13 prosent misnøgde.

 

I kva grad vert haldninga til kommunesamanslåing påverka av kommuneøkonomien?

 

På Fedje svarar 51 prosent at deira haldning til samanslåing i stor grad vert påverka av kommuneøkonomien. Tilsvarande tal for Radøy er 34 prosent og Lindås 26 prosent.

 

 

Det er sett opp tre mål for ein eventuelt ny kommune. Korleis stiller folk seg til desse måla?

 

 

Mål 1: "Me skal halda på, rekruttera og utvikla den beste fagkompetansen for å betra tenestetilbodet".

 

I Lindås svarar 74 prosent at dei synest dette er svært viktig eller viktig. Tilsvarande tal for Radøy og Fedje er 71 og 65 prosent.

 

Mål 2: "Den nye kommunen skal vera ein god, attraktiv felles bu- og arbeidskommune".

 

Som ovanfor, svarar 74 prosent av lindåsingane, og 71 prosent av radværingane at dei synest dette er eit viktig mål. På Fedje er tilsvarande tal 64 prosent.

 

Mål 3: "Me skal byggja ein ny kommune for å møta framtida sine utfordringar".

 

Færre synest dette er eit særs viktig eller viktig mål. I Lindås meiner 57 prosent av dei spurde dette, medan tala for Radøy og Fedje er i høvevis 54 og 41 prosent.
Kor engasjert er folk i kommunepolitikken i dag?

Folk på Fedje har det største engasjementet for lokal politikk, samanlikna med Radøy og Lindås. På Fedje svarar 31 prosent av dei spurde at dei i stor grad er engasjerte, medan 37 prosent i liten grad er det. På Radøy er 20 prosent i stor grad engasjert i lokal politikk - 51 prosent er det i liten grad. I Lindås er 16 prosent i stor grad engasjert - om lag halvparten av kva me finn på Fedje.

 

Kan folk tenka seg å engasjera seg i kommunepolitikken i ein eventuelt ny kommune?

På dette spørsmålet er folk i dei tre kommunane jamt over mindre interesserte i å engasjera seg. Auken i folk som i liten grad vil engasjera seg i lokal politikk i ein ny kommune er størst på Fedje: frå 37 prosent som i liten grad er engasjert i dag, til heile 59 prosent som trur dei i liten grad vil vera engasjert i ein eventuell storkommune. Tilsvarande auke for Radøy er også stor - frå 51 prosent no til 64 prosent i ein framtidig kommune.

 

Ønskjer folk at deira kommune skal slå seg saman med andre?

I Lindås er folk klart mest positive til kommunesamanslåing. Her er 69 prosent for, 26 prosent mot, medan 4 prosent ikkje heilt veit kva dei skal tru. På Radøy er 51 prosent positive, medan 42 prosent ikkje ønskjer samanslåing. På Fedje er det eit klart nei-fleirtal. Her ønskjer 83 prosent at kommunen held fram som sjølvstendig kommune. På ja-sida finn me 15 prosent. På Fedje er folk i aldersgruppa 16-29 år mest positive til samanslåing (27 prosent), medan folk i aldersgruppa 45-59 er mest negative til samanslåing (96 prosent).

 

 

Vil du sjå heile rapporten frå undersøkinga?

Trykk på denne lenka for å lasta ned rapporten med resultata frå innbyggarundersøkinga.

Web levert av CustomPublish