Du er her: Start/Politikk/Val

Val

Val 2015 - logo gull

Resultat frå fylkestingsvalet i Hordaland 2015

I tråd med det generelle biletet i Noreg etter 2015-valet, vart Ap og MdG dei store vinnarane i fylkestingsvalet i Hordaland, medan borgerleg side, og særleg Høgre opplevde tilbakegang frå valet i 2011. Men dei stemmene som kom frå Fedje følgde ikkje same mønster.

Fordeling av stemmene

Arbeidarpartiet med toppkandidat Anne Gine Hestetun fekk 33 % av stemmene (opp 1,3 % frå 2011-valet) og vart største parti. Nest størst vart Høgre med 23,2 %, som gjekk tilbake med 4,7 % frå 2011. Framstegspartiet vart tredje største parti med 9,5 % (tilbake 1,7 %) og Senterpartiet følgde like bak med 8,5 % (opp 1,8 %). Vidare følgde Venstre med 5,5 %, (ned 0,7 %), Kristeleg folkeparti med 5,4 % (ned 0,1 %), Miljøpartiet De Grønne med 4,2 % (opp 3,3 %), Sosialistisk Venstreparti med 4,1 % (opp 0,1 %) og Rødt med 2 % (opp 0,5 %). 4,6 % av stemmene gjekk til andre lister (opp 1,8 %).

Ny fordeling av mandat

Mandat i Hordaland fylkesting etter valet 2015
Parti Mandat Endring frå 2011-valet
Ap 20 + 4
H 12 - 5
FrP 7 - 1
KrF 4 - 1
Sp 4 + 1
MdG 3 + 2
SV 3 + 1
V 3 - 1
R 1  0

På fylkestinget er det 57 mandat, og ein må oppnå 29 mandat for å få fleirtal. Ap inngjekk før valet ein intensjonsavtale med Krf og Sp om samarbeid i fylkestinget, og får med gårsdagens valresultat kontroll over 28 av plassane på tinget. Dei må difor søka vidare samarbeid for å sikra seg fleirtalet.  

Stemmene frå Fedje

Hadde folk på Fedje fått bestemma samansettinga i fylkestinget, hadde ting sett annleis ut. Frå Fedje gjekk 26,1 % av stemmene til Ap (ned 4,9 % frå 2011), H fekk 22,7 % av stemmene (opp 0,3 %), KrF fekk 21,7 % (opp 0,5 %) og FrP fekk 11,9 % (ned 2,3 %). Av dei resterande partia fekk ingen meir enn 3,4 % (Demokratane).

Deltakinga på Fedje ved fylkestingsvalet var på 69 %, mot fylkessnittet på 57,9 %.

Web levert av CustomPublish