Regionalt miljøprogram i jordbruket - tilskott

Beskrivelse

Regionalt miljøprogram utarbeidast for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining. Målet er betre effekt av miljøinnsatsen. Kostnadseffektivitet og synleggjering er også viktig. Regionalt miljøprogram godkjennast normalt for fire år, men mindre justeringar kan skje årleg. Som ein del av Regionalt miljøprogram er det etablert tilskottsordningar som avspeglar dei prioriteringane som er omtalte i miljøprogrammet. Ordningane vil derfor variere frå fylke til fylke, men nokre ordningar kan vere nesten like i fleire fylke. Mengda av ordningar i kvart fylke varierer. Fylkesmannen disponerer ei årleg tilskottsramme som blir fastsett i jordbruksoppgjeret.

Målgruppe

Landbruksføretak

Vilkår

Alle brukarar som mottek produksjonstilskott og som oppfyller vilkåra for kvart einskilt tilskott.

Samarbeidspartnere

Fylkesmannen utarbeider Regionalt miljøprogram for fylket i samråd med næringsorganisasjonane, fylkespolitikarar og annan miljøfagleg kompetanse. Kommunane får miljøprogrammet til høyring før det blir fastsett. Statens landbruksforvaltning (SLF) godkjenner dei regionale miljøprogramma etter samråd med avtalepartane i jordbruksoppgjeret.

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordningane.

Vedlegg

For mange av ordningane krevjast kart som viser tiltaksgjennomføring.

Saksbehandling

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal kommunen gje skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Kommunen er normalt den instansen som gjer vedtak om tilskott.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til Fylkesmannen. For vedtak som er gjort av Fylkesmannen, er Statens landbruksforvaltning klageinstans.

Annet

Web levert av CustomPublish