Du er her: Start/Nyhendearkiv
Bilde med skrift til stillingsutlysninger i kommunen

Rådgjevar plan- og utvikling

Innan tenesteområde plan- og utbyggjing er det ledig 100 % fast stilling som rådgjevar.

Sentrale oppgåver

  • Byggjesak
  • ROS-analyse
  • Kommunalt planarbeid
  • Branndokumentasjon
  • Beredskapsarbeid
  • Andre oppgåver innan teknisk etat
  • Ulike oppgåver innan samfunnsutvikling, der kommunen er inne i ei rivande utvikling

 

Kvalilfikasjonskrav

  • Fortrinnsvis sivilingeniør/master i ingeniørfag
  • Høg digital kompetanse
  • Sjølvgåande
  • Teknisk innsikt/forståing
  • Relevant erfaring kan vere ein fordel, men er ikkje eit krav
  • Må meistre nynorsk, og ha god skriftleg framstillingsevne

På grunn av deltaking i vaktordingar og beredskapsoppgåver, må den som blir tilsett busetje seg i kommunen.

Vi ynskjer oss ein kompetent og fleksibel medarbeider som vil vere med å vidareutvikle tenestene og samfunnet, saman med trivelege kolleger i landsbyen vår. Lønn etter avtale.

For spørsmål om stillinga, kontakt plan- og utbyggjingssjef Øyvind Tolleshaug på telefon 56165113.

Søknad med CV og to referansar sender du til Fedje kommune, Stormarkvegen 49, 5947 Fedje, eller postmottak@fedje.kommune.no.

Søknadsfrist 15. februar.

Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen vår: http://www.fedje.kommune.no/her-kan-du-sjaa-fedjefilmen.6073533-299349.html

 

 

Web levert av CustomPublish