Produksjonstilskott i jordbruket

Beskrivelse

Alle gardbrukarar kan søkje om produksjonstilskott. I produksjonstilskottet inngår ei gruppe ordningar som kan gjevast til drift av jordbruksareal, grønt- og potetproduksjon og husdyrhald etter satsar fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret. Formålet med produksjonstilskott er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.

Målgruppe

Landbruksføretak som driv vanleg jordbruksproduksjon.

Vilkår

Produksjonstilskott kan gjevast til føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon dersom verksemda er registrert i Einingsregisteret og

  • er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak, eller
  • har hatt ein samla omsetnad og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 i løpet av dei siste 12 månadane før registreringsdato

Føretak som berre søkjer tilskott til birøkt, er unnateke kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytt til driftsfellesskap og eigarforhold. Tilskott blir gjeve etter satsar, sonar og definisjonar fastsett i eller i medhald av jordbruksoppgjeret.

Veiledning

Kommunen avgjer søknader om produksjonstilskott. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om tilskottet.

Søknadsfrist

Gjeldande søknadsfrister er 20. august og/eller 20. januar, avhengig av kva for produksjonar det blir søkt om tilskott til.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. Dette gjeld sjølv om du har mottatt melding om vedtaket frå Statens landbruksforvaltning. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka gå vidare til Fylkesmannen.

Annet

Lover

Web levert av CustomPublish