Organisering

Fedje skule -EVnov14

Fedje skule

Fedje skule er ein fådelt skule frå 1.-10. klasse med ca 75 elevar. Skulen har elleve undervisningsstillingar og rektor heiter Linda Husa. På kontoret finn du Turid Moldøen. Ho når du på telefon 56165120 før kl 12.30 eller på e-post: turid.moldoen@fedje.kommune.no
Telefon: 56165120
Fax: 56165122
E-post: linda.husa@fedje.kommune.no

 

10. oktober 2013 Les meir om Fedje skule
Kommunehuset på Fedje

Administrasjon

Sentraladministrasjonen i Fedje kommune er lokalisert i Kommunehuset som har adresse Stormarkvegen 49. Sentraladministrasjonen er rådmannen, toppleiargruppa og rådmannen sin stab.

07. oktober 2013 Les meir
Skilt over dør på bibliotekbygget på Fedje

Kultur og bibliotek

I Fedje kommune er det bibliotekssjef i 80% stilling og kultursekretær i 50% stilling. Kulturkontoret og biblioteket ligg like ved kommunehuset og har faste opningstider.

09. oktober 2013 Les meir
Gamlebanken

NAV Fedje

Fedje kommune sine sosiale tenester vert i hovudsak utført av NAV-kontoret. NAV-kontoret held til i same lokala som tidlegare trygdekontoret låg, tlf 815 81 000.

Frå veke 19 (04.05 – 08.05) har NAV Fedje ope tirsdagar og torsdagar frå kl 10.30 – 14.00. Dersom ein har behov for kontakt utanom desse tidene kan ein ringe NAV kontaktsenter på telf nr 55 55 33 33.

07. oktober 2013 Les meir
Teknisk kontor på kommunehuset. Foto: Even Vaular, 2013

Teknisk etat

Teknisk etat har ansvar for vassforsyninga, kloakk, avfall og dessutan brann. Vedlikehald av kommunale bygg og anlegg er ei anna hovudoppgåve. I tillegg ligg byggesak og planarbeid under etaten. Etaten er leia av plan- og utbyggingssjef Øyvind Tolleshaug.

03. oktober 2013 Les meir
Web levert av CustomPublish