Du er her: Start/Nyhendearkiv

Oppstart av balansegruppe torsdag 18. januar 2018

dårleg balanse.jpg

Har du dårleg balanse?

Har du frykt for å falle eller har du allereie falt ein eller fleire gonger?

Fysioterapeuten i Fedje kommune startar ein fallførebyggjande treningsgruppe for eldre 18.januar 2018.

Vil du vere med?

Tilbodet er gruppetrening for å førebyggja fall til heimebuande eldre.

Funksjonsnivået til deltakarane vert vurdert før oppstart av gruppa. Dei vert så tilbydd ein treningsperiode på 8 veker med trening 2 gongar per veke. Treninga vert leia av fysioterapeut og er gratis. Etter treningsperioden vert funksjonsnivået vurdert på nytt.

KVEN KAN DELTA
Tilbodet er for eldre med redusert balanse som har lyst til å trene!

For å kunne delta på treninga er det ein føresetnad at ein kan ta imot instruksjon. Deltakarane må ha gang- og ståfunksjon, og må kunne kome seg til og frå Fleirbrukshallen på eiga hand. Drosje kan rekvirerast ved behov og deltakarar må då betale eigenandel til drosjen inntil ein har fått frikort klasse 1.

KVAR OG NÅR
Fleirbrukshallen Tysdag kl. 11.15-12.15
Torsdag kl.11.45-12.45

OPPSTART
Torsdag 18.Januar 2018. Siste gong vert Tysdag 13.mars.
Dersom du ønskjer å delta på gruppetrening eller ønskjer meir informasjon kan du ta kontakt direkte med fysioterapeuten til dømes på telefon, tekstmelding eller e-post.

Telefonnummer til mobil er: 40438494 eller e-postadresse: Kristin.Aase@fedje.kommune.no

Web levert av CustomPublish