Hellisøy fyr.

Hellisøy fyr. Foto: Marie Ch. Th. Lund, 2014

Opplev Fedje i sommar!

Sommaren 2017 byr på konsertar, fiskefestival, ope fyr, kulturvandring, og meire til.

Landsby og kystlynghei, fiskelykke og seinka skuldrer. På Fedje kan du få sanselege opplevingar, med god mat og drikke, og flott kystnatur. I tillegg går fleire arrangement av stabelen gjennom sommaren.

Her er noko av det du kan få med deg:

Fiskefestivalen på Fedje

Fiskefestivalen på Fedje er etter kvart ein tradisjonsrik festival, med yrande liv på kaiene og på sjøen. 2017-utgåva går av stabelen torsdag 29. juni - sundag 2. juli. Her kan du venta deg humor, aktivitetar på badestranda, mat, bodar, musikk, dans og sjølvsagt: fiskekonkurranse! Meir info på Fiskefestivalen på Fedje på facebook.

Marie 06 NKH
Foto: Marie Ch. Th. Lund, 2014

Ope fyr på Hellisøy

Hellisøy fyr er ein fredag fyrstasjon frå 1855. Eit besøk her tek deg tilbake til den tida fyrvaktarar og fyrassistentar budde på fyret. No tilbyr vertskapet på Hellisøy overnatting i fyrvaktarbustaden, og omvising etter avtale. Gjennom sommaren arrangerer dei også Ope fyr ved ulike høve. Datoar kjem etter kvart. Hold eit auge med facebook-sida til fyret!

Fiskarkona og Fedje kyrkje
Fiskarkona og Fedje kyrkje tar i mot tilreisande til Fedje. Foto: Fedje kommune

Kulturvandringsdagen

Laurdag 16. september vert det «Kulturvandring gjennom landsbyen i havet". Dagen er ein del av Kystsogevekene, som synar fram kystkultur frå Sveio i sør til Gulen i nord. Formidling av kultur, historie og innsyn i dagens Fedje står sentralt.

Vil du vita meir?

Ta ein titt på reiselivssidene våre, eller last ned Reiselivsbrosjyren 2017 her! Har du fleire spørsmål, kan du ta kontakt med Fedje kommune på tlf. 56 16 51 00 / postmottak@fedje.kommune.no. Me er tilgjengelege måndag til fredag, kl. 9-15.

Web levert av CustomPublish