Nordsjøløypa - vestre Fedje frå sør mot nord -EVsommar14

Om friluftslivets år 2015

Friluftslivets år 2015 er ei nasjonal markering av norsk friluftsliv. Målet er at synleggjeringa av friluftslivet skal auka deltakinga i eit lengre perspektiv. Får me fleire ut på tur – uansett alder, held me oss friskare! 

Få 15 klipp!

Me har laga klippekort der eit ferdig utklippa kort tel som lodd i trekninga av ein fin premie på tampen av året. Forskjellige aktivitetar vil kvalifisera til eit klipp. Er du ein ivrig turgåar er det mogleg å få eit nytt klippekort når det gamle er oppbrukt. Då aukar óg vinnarsjansane dine!

Klippekortet er heilt gratis og er ein invitasjon til å kome seg ut og bruka kropp og natur litt oftare. Me har flotte løypar og frisk natur, men ein tur i nabolaget gjer like godt for kropp og sjel!

 

Følgjande aktivitetar kan gje deg eit klipp:

Turar i Nordsjøløypa (klipparar ligg ute, både i kortløypa, langløypa og den austre løypa (sjå skildringar under og kart i høgre marg)), gå- jogge- og sykkelturar til Fyrsundet, Fedje-karusellen (eitt klipp for kvart løp), 1. mai-marsjen, Eldremarsjen, Rebusløpet på verdsdagen for psykisk helse (oktober).

Fleire aktivitetar kan kome til etter kvart. Følg med på desse sidene eller på www.facebook.com/fedje.kommune.

 

Klippekorta får du på kommunehuset (hjå samfunnsutviklaren), kulturkontoret (hjå kultursekretær), helsestasjonen (hjå fysioterapeut) og på biblioteket. Du leverer brukte kort dei same stadane.

Web levert av CustomPublish