Vi i familien eig den siste kvalfangerbåten på Fedje.  Det er kun to kvalfangerskutar att på Vestlandet, denne og  «Cato» på Sunnmøre. Tidligare var det eit stort miljø, det saknar eg.

Vi i familien eig den siste kvalfangerbåten på Fedje. Det er kun to kvalfangerskutar att på Vestlandet, denne og «Cato» på Sunnmøre. Tidligare var det eit stort miljø, det saknar eg.

Olav Husa — Altmoglegmannen

Eg budde i Bergen i sju år men reiste heim alle helger utanom to. Det er ingenting for meg i Bergen. Trafikklys, ingen stader å gå, ingen stader å skru.

Eg er alltid i farta med eitt eller anna. Då du ringte skulle eg om bord i kvalfangarskuta vår «Olavson» og skru på ei hydraulikkpumpe. Eg kom nett heim frå makrell og sildefiske med ringnotbåten «Fonnes» og dagen etter vert det ein tur med forskningsfartyet «G.M.Dannevig». Eg har alltid vore levande opptatt av båtar, hav og maskineri, og alt som går rundt.  Eg er ingen oppfinner, men finner opp og omformar ting når det trengs.  Kabelbåt over fjorden, ein måte å byggje brygge sidelengs på. Eg pussa nyleg opp eit piano frå 1700-talet og ein russisk motorsykkel med sidevogn frå krigen.

Eg meinar det er viktig for Fedje å ta vare på sjela si. Ein treng ikkje nødvendigvis å forkasta alt som har vore før, fordi om det kjem noko nytt. Det som er gammalt har faktisk blitt gammalt fordi det er kvalitet over det.  Nye tider og nye folk lyt lytta nøye til dei som har levd og virka ei stund.

Eg har ikkje noko spesielt livsmotto, anna enn å prøva å vera den ein er og konsetrera seg om det ein har evner og interesser for. Det ein ikkje egner seg for, bør ein overlata til andre.

Kona mi beskriver  meg  som altmoglegmann, skap-poet, distre, konsentrert , skippar, mekanikar, kvalfanger, reodorfelgen, humorist. Ho er frå Jondal, men eg sa til ho: For meg er det Fedje eller månen. Heldigvis trivast ho her.

Web levert av CustomPublish