Økologisk landbruk - direkte tilskott

Beskrivelse

Formålet med å yte tilskott til økologisk landbruk er å stimulere til å leggje om til og oppretthalde økologiske driftsformer. Tilskotta skal gjere sitt til å kompensere for auka kostnader og avlingsnedgang i den økologiske drifta og medverke til auka produksjon av økologiske landbruksprodukt. Tilskott til økologisk landbruk inngår i produksjonstilskott og omfattar tre ordningar:
  • omleggingstilskott, eingongstilskott som blir gjeve ved omlegging
  • arealtilskott, årleg tilskott til areal som er lagt om til økologisk drift
  • tilskott til økologisk husdyrproduksjon

Målgruppe

Landbruksføretak

Vilkår

Føretaket må fylle dei generelle krava til produksjonstilskott i jordbruket. Det vil seie at føretaket må vere registrert i Einingsregisteret, og

  • anten vere registrert som meirverdiavgiftspliktig og kunne levere årsoppgåve som landbruksføretak,
  • eller ha ei samla omsetning og uttak av avgiftspliktige varer og tenester på til saman minimum kr 20 000 dei siste tolv månadene før registreringsdato for søknad.

Arealet og husdyra må kontrollerast og godkjennast av Debio slik at produksjonen er i samsvar med dei krava som blir stilte til produksjon og merking av økologiske landbruksvarer. Debio er ein privat kontroll- og godkjenningsinstans som har fått delegert mynde av Mattilsynet for å utøve tilsyn med økologisk landbruksproduksjon i Noreg.

Veiledning

Søknad sendast til kommunen saman med søknad om produksjonstilskott. Søknad kan òg leverast elektronisk til Statens landbruksforvaltning eller på eige skjema.

Søknadsfrist

Fristen er 20. august for omleggings- og arealtilskott. For husdyrtilskott er fristen 20. januar og 20. august.

Etter at søknaden er behandla og kontrollert, blir det gjort eit vedtak. Informasjon om vedtaket får du i eit tilskottsbrev.

Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.

Annet

Web levert av CustomPublish