LivOGLyst - opning av ferjekaibiblioteket 170614 -EVjun14

Nytt liv i hamna! - Vil du vere med?

Vi er ein gjeng livlege og lystige folk som på ulike måtar prøver å skape nytt liv i hamneområdet på Fedje – vårt sentrum og livsnerve! Vil du vere med?

Me har samla gode krefter gjennom eit prosjekt knytt til LivOGLyst-programmet i Hordaland. LivOGLyst er eit nettverk av småplassar som oss, som forsøker å gjere ting betre, finne på nye ting, og skape samhald i bygda.

 

Vi jobbar i tre grupper:

Festival & arrangement – har utvida årets fiskefestival til tre suksessfulle dagar, og skapar liv på kaia! Gjer det gøy å både kome til og bu på Fedje.

Bulyst – gjer Fedje til den beste staden å bu i Norge og definerer vår heilt eigne stadsidentitet – er du ein Fedjing? 

Hamnegruppa – jobbar med korleis me kan leggje til rette for ny næringsutvikling i hamneområdet og ser på kva me kan gjere for å få til eit bunkringsanlegg, småbåthamn osb.

 

 

Kontakt prosjektkoordinator for Liv&Lyst på Fedje: Dagrun på dagrungunnarson@hotmail.com eller tlf 95242371 viss du vil bidra!

LivOGLyst - logo forbedret_500x214.png

Sjå også nettsidene til LivOGLyst-programmet: http://www.kom-an.no/livoglyst/ 

Web levert av CustomPublish