Fargerik lavvekst på eit svaberg på Kisteneset

Fargerik lavvekst på eit svaberg på Kisteneset

Nye turkort - same klipparar

Turåret 2016 fortset der Friluftslivets år 2015 slapp. Det vert nye turkort, men framleis er det 15 klipp som gjeld for å vera med i trekkinga av Vandrenøkkelen.

Eitt ferdig klippa turkort er eitt lodd i trekkinga av Vandrenøkkelen - eitt års gratis bassengnøkkel. Nøkkelen vandrar vidare frå årets til neste års vinnar. Leverer du fleire ferdigklippa kort, aukar du vinnarsjansane dine!

Klippekorta er gratis, og du får dei hjå samfunnsutviklaren på kommunehuset, hjå kultursekretæren i det raude bygget attmed, og hjå fysioterapeuten på helsestasjonen. Korta vert levert same stad. Me ønskjer å auka tilgjenge på henting og levering av turkort, så her kan det verte endringar. Klipparane finn du i kortløypa, langløypa, den austre løypa, og i Fyrsundet.

Me vil prøva å få til at fleire aktivitetar gjennom året også kan gi klipp. Følg med!

Vandrenøkkelen oransje sko og skrift
Vinn du Vandrenøkkelen får du gratis tilgang til symjebassenget i eitt år!
Web levert av CustomPublish