Fargeblyantar

Nye og spennande kulturskuletilbod innan scene og kunst!

I haust har Fedje kommune to flunkande nye tilbod i kulturskulen: «revyskule» og «kunstskule».  

Revy

Revyskule for 3. - 7. klasse

Her kan ein lære skodespelarteknikk, revy og improvisasjon, over 10 veker. Opplegget endar i ei lita førestilling. Instruktør er Dagrun Gunnarson, som har 30 studiepoeng i revy frå Høyskolen i Nord-Trøndelag, i tillegg til erfaring med å skrive, spele og organisere revy dei siste 30 åra. Dagrun har òg hatt kurs i same emne lokalt, både på Fedje og på Radøy.  

Maling

Kunstskule frå 8. klasse og oppover

Her kan ein lære teikneteknikk og maleteknikk, over 10 veker. Vi bruker ulike materialer og arbeider med levende modell. Kurset vil resultere i flotte, personlege kunstverk. Instruktør er Charlotte Lilleheil. Ho har eitt års kunstutdanning på Masternivå frå Academy of Art i San Fransisco, i tillegg til mykje erfaring med illustrasjon, maling og teikneseriar.   

Praktiske detaljar

Det blir gruppeundervisning, og vi tek sikte på oppstart i midten/slutten av september. Totalt tal timar blir vesentleg høgare enn ved individuelle tilbod i kulturskulen, men prisen den same. Det vil bli nokre utgifter til utstyr, for dei som vil vere med på teikning og maling. Meir informasjon om innhaldet i tilboda, samt om påmelding, vil komme etter skulestart. Vi gjer merksame på at intensjonen er at desse tilboda skal gjevast òg til våren, med motsett aldersavgrensing (revyskule for 8. klasse og oppover, og teikning/maling for 3. – 7. klasse).  

Hugs at tilboda i kulturskulen er tilgjengelege òg for vaksne, såframt det er ledig plass (dette gjeld sjølvsagt ikkje der det er aldersgrense som utelukkar vaksne).

 

Velkommen!

Web levert av CustomPublish