Fryseriet sett frå Børhaugen -EVsep15

Northern & co

Noregs vestlegaste bryggjeri med handverksøl i tankane. Ølsmaking, ølsal og sal av div. merchandise på førespurnad.

Northern & co er eit bryggjeri etablert på Fedje i april 2015. Dei held til i andre etasje i eit næringsbygg like attmed ferjekaia på Steinborg. Næringsbygget vert lokalt berre omtala som Fryseriet, ettersom det i mange år vart driven fiskeforedling her.

Northern & co produserer handverksøl av høg kvalitet, og skal etter planen på sikt starta produksjon av whisky. Bryggjeriet har vore sentrale i oppstarten av Fedje ølfestival, som vart ein umiddelbar suksess i debutåret 2015. Northern & co arrangerer ølsmakingar på førespurnad og sel øl og diverse merchandise. Ta kontakt for å høyra om dei er open.

Kontakt dagleg leiar Knut Morten Michelsen på tlf. +47 916 83 430 eller e-post morten@norbrew.no.

Adresse:
Muren 1
5947 FEDJE
 

Web levert av CustomPublish