Nordsjøløypa - vestre Fedje frå sør mot nord -EVsommar14

Nordsjøløypa - tre stier gjennom natur- og kulturhistoria på Fedje

Me har tre Nordsjøløyper på Fedje. Det er fint mogleg å gå alle tre i ein lang sløyfe som ein dagstur. Kart over dei to mest brukte finn du på Nordsjøløypa sine heimesider. Under kartet finn du løypeskildringar for løypa frå Træsneset til Fyrsundet, og løypa frå Træsneset til Brurevatna. Skildringane tar òg føre seg natur- og kulturhistoria ein går gjennom langs løypene.

Nedanfor finn du bilete og skildringar av kor du finn inngangene til løypene.

Inngang til løypa mot brørevatna på vegen mot Stormark
Inngang til løypa ved Brurevatna på vegen mot Stormark

Frå Brurevatna til Træsneset / Fyrsundet

På vegen sørover mot Stormark, om lag to kilometer frå ferjekaia, finn du inngangen til Nordsjøløypa som ligg ved Brurevatna. Her er det mogleg å parkera. Denne delen av løypa startar på grus, noko som gjer at du t.d. kan ta med deg barnevogna eit stykke innover. Den grusa delen av stien er under utviding - arbeidet er forventa å verte ferdig i løpet av sommaren 2015. Når løypa etter kvart kjem til Kvernhusdalen går den saman med løypa som går frå Fyrsundet til Træsneset. Vel du å gå til Træsneset er du nesten framme, medan turen til Fyrsundet tek lengre tid.

Inngang til løypa i Træsneset.

Frå Træsneset til Brurevatna / Fyrsundet

Frå Træsneset kan du gå til Kvernhusdalen. Der deler løypa seg i to. Då kan du anten gå løypa mot Fyrsundet, eller fortsette mot Brurevatna - sistnemnte kjent som "kortløypa".

Inngang til løypa på austsida på vegen mot Stormark

Austløypa frå Brurevatna til Stormark

Løypa på austsida av Fedje startar i nærleiken av inngangen til løypa frå Brurevatna til Træsneset / Fyrsundet (sjå ovanfor). Starten for austløypa kan vere litt vanskeleg å sjå (sjå bilete), men den ligg på motsett side av vegen cirka 70 meter i retning landsbyen Fedje. Løypa tek deg til grenda Stormark sør på Fedje.

Inngang til løypa på austsida ved Stormark havn

Austløypa frå Stormark til Brurevatna

Inngangen til løypa ligg nesten heilt nede ved sjøen, bak nausta ved Stormark hamn.

Inngang til Nordsjøløypa i Fyrsundet
Inngang til Nordsjøløypa i Fyrsundet

Frå Fyrsundet til Træsneset / Brurevatna

Om du kjem frå ferjekaia på Fedje, må du tilbakelegga vel fem kilometer til fots eller på hjul for å koma til Fyrsundet. På vegen passerer du grenda Stormark. Tvers over sundet kan du sjå den freda fyrstasjonen Hellisøy fyr frå 1855. I Fyrsundet er det mogleg å parkera. Her startar den såkalla "langløypa" som tar deg til Træsneset i nord. I Kvernhusdalen deler stien seg, og det er mogleg å ta av mot Brurevatna.

Web levert av CustomPublish