Sævrøyna, Lauvøyna og Ulvøyna sett frå lufta. Foto: Lasse Tur (2011)

Sævrøyna, Lauvøyna og Ulvøyna sett frå lufta. Foto: Lasse Tur (2011)

Felles informasjonsskriv frå ordførarane i Nordhordaland

Nordhordland ein kommune 2020?

Innan juni skal kommunestyra i Nordhordland ta stilling til om ein ønskjer å fortsetja som eigen kommune eller vera med å byggja ein ny kommune i Nordhordland. Intensjonsavtalen er no ute på høyring, og vi som politikarar ønskjer at du engasjerer deg og gjer oss tilbakemelding om kva du meiner.

Kva inneheld framtida for oss i Nordhordland?

Vi veit ikkje kva framtida inneheld, men det har vore ei rivande utvikling i Nordhordland på berre nokre tiår. Reisetida er redusert og vi har ein felles bustad og arbeidsregion. Kommunane samarbeider på mange område for å kunne gje innbyggarane best mogeleg tenester.
• Krava til dei kommunale tenestene aukar
• Behov for betre og breiare kompetansemiljø.
• Kommuneøkonomien vert av ein del kommunar oppfatta som krevjande. Eit nytt inntektssystem er på høyring. Med nokre unntak ser det ut til at kommunane i Nordhordland vil koma dårlegare ut økonomisk ved å stå aleine, men at reduksjon vert mindre dersom dei slår seg saman.
• Næringslivet i regionen synest å stå framfor store endringar og stor usikkerheit.

Kvifor Nordhordland ein kommune 2020

Med dei store endringane som har vore og som vil koma dei neste tiåra var det naturleg å sjå på kommunestrukturen i Nordhordland. Stortinget sitt vedtak om kommunereform
gav ytterlegare fart i dette arbeidet. Dei viktigaste argumenta for ein kommune i Nordhordland er:
• Heilskapleg og betre koordinert samfunnsutvikling
• Større påverknadskraft overfor sentrale og regionale myndigheiter
• Sterkare fagmiljø

Intensjonsavtalen

Visjonen er at: ”Nordhordland kommune skal vera ein slagkraftig og heilskapleg samfunnsutviklar med sterk utvikling og vekst.”
Den nye kommunen:
• Ha likeverdige tenester i heile kommunen
• Vidareføre lokal tenesteproduksjon der brukarane bur
• Prisnivået på kommunale tenester, gebyr og eigedomsskatt skal vera likt i heile
kommunen og eigedomsskatten på hus og hytter vert fjerna
• Kommunestyret vil ha 43 representantar

Korleis blir eg høyrd?

Det er eit sterkt ønskje frå alle at innbyggjarane skal involverast og inkluderast i prosessen. Vi oppmodar derfor alle til å engasjera seg i det offentlege ordskiftet. Det er arrangert folkemøte i alle kommunane, men du kan framleis seia di meining. Ta gjerne direkte kontakt med representantane i kommunestyret i din heimkommune.

Folkeavrøysting eller opinionsundersøking

Kommunane har valt ulikt om dei vil ha ei rådgjevande folkeavrøysting eller ei opinionsundersøking. I begge alternativa ønskjer ein å få kartlagt om innbyggarane er positive eller negative til å byggja ein ny kommune. Alle som fyller 16 år i 2016 eller er eldre kan delta. Opinionsundersøkinga er frå slutten av april til midten av mai. Blir du kontakta så må du svara – dette er din anledning til å seia di meining. Folkeavrøystinga er måndag 23. mai. Møt opp - det er no du kan påverka. Sjå heimesida til kommunen om meir informasjon om vallokale og høve til førehandsrøysting.

Rådgjevande folkeavrøysting - 23. mai Opinionsundersøking - frå
slutten av april - midten av mai
Austrheim
Gulen
Masfjorden
Meland
Modalen
Fedje
Lindås
Radøy

 

Kven avgjer dette?

Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak om kommunen skal vera med å byggja ein ny og større kommune i Nordhordland. Den avgjerda vil skje 22. juni.

Meir informasjon

På heimesida til kommunane og www.regionnordhordland.no, finn du intensjonsavtalen, utgreiingar og kontakt informasjon.

Web levert av CustomPublish