NB! Datoendring! Viktig melding om Influensavaksine

Det blir opent for vaksine for risikogruppene på Helsestasjonen fylgjande dagar:

 

Onsdag                                    1.November                                              kl 1400- 1730

Onsdag                                    8.November                                              kl 0900- 1400

 

Vaksinen vil i år koste kr.100 for personar i risikogruppene som er:

-Hjartesjuke

-Lungesjuke

-Sukkersjuke

-Personar som er svekka av andre grunnar (leversvikt, nyresvikt, alvorlig nervesjukdom, nedsett immunforsvar, grov overvekt =BMI >40). I tillegg kjem alle personar over 65 år. Vi rår til at dei tek imot tilbodet om vaksine.

-Dei som bur på instutisjon (sjukeheim)

 

For desse gruppene kan influensa vere ein farleg sjukdom. Gjeld også gravide i 2. og 3. trimester.

 

Vi vil til dei same gruppene også kunne gi vaksine mot lungebetennelse. Den vaksinen kostar kr. 200.

 

I tillegg vil vi tilby vaksine til alt helsepersonell. Dette vert betalt av kommunen. Vil du ha vaksine, men kan ikkje møte på dagane over, ta kontakt med leiande helsesøster Kari Linn Hesjedal på tlf. 56165117 eller 94506746.

 

Litt informasjon:

  1. Dei fleste influensaepidemiane kjem i perioden desember-januar.
  2. For dei fleste er influensa ein ufarleg, men til tider svært ubehageleg sjukdom (med unntak av risikogruppene du kan lese om i innleiinga).
  3. Influensavaksinen bør takast seinast 2-3 veker før ein epidemi, og helst før overgangen oktober til desember.
  4. Influensavaksinen gjev vern mot influensasjukdom i ca. 3-4 månader og det må takast ny vaksine kvart år.
  5. Dei som har allergi mot egg, kan ikkje vaksinerast mot influensa.
  6. Vi vaksinerar ikkje ved akutte infeksjonar.
  7. Vanlegste biverknader er ømheit på stikkstaden, litt gever og lette influensasymptom. Sjeldan allergi.
  8. Du må vente en halv time på venterommet etter vaksinen er satt.
  9. VAKSINEN GJEV IKKJE VERN MOT VANLEG FORKJØLING.

 

 

Men venleg helsing

 

Kommuneoverlege Ernst Horgen og leiande helsesøster Kari Linn Hesjedal

 

Web levert av CustomPublish