Gamlebanken

Gamlebanken

NAV Fedje

Fedje kommune sine sosiale tenester vert i hovudsak utført av NAV-kontoret. NAV-kontoret held til i same lokala som tidlegare trygdekontoret låg, tlf 815 81 000.

Frå veke 19 (04.05 – 08.05) har NAV Fedje ope tirsdagar og torsdagar frå kl 10.30 – 14.00. Dersom ein har behov for kontakt utanom desse tidene kan ein ringe NAV kontaktsenter på telf nr 55 55 33 33.

Sosialtenesta er integrert i NAV-kontoret, men arbeidar etter same lov og formål som før. Sosialtenesta skal fremje økonomisk og sosial tryggleik, betre levevilkåra for vanskelegstilte, samt førebygge sosiale problem. Sikre at born og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Vi skal bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.
Sosialtenesta gir hjelp til personar som er i ein vanskeleg livssituasjon. Hjelpa vert gitt i form av råd og rettleiing, økonomisk bistand, naudhjelp og hjelp i samband med rusproblematikk. Sosialtenesta kan i samråd med den som søkjer sette i verk tiltak og samarbeide med andre hjelpeinstanser. Tenestene rettar seg i utgangspunktet mot vaksne, dvs. personar over 18 år. Dei tilsette har teieplikt.

Etter at NAV-kontoret også omfatter sosialtenesta, vil du få hjelp til følgande tenester der:

Økonomisk sosialhjelp
Avlastning og støttekontakt for funksjonshemma
Hjelpetiltak til rusmisbrukarar og deira familiar
Rusførebygging
Gjeldsrådgjeving
Startlån
Tilskot til utbetring av bolig
Bustønad

Når du treng hjelp til å greie deg i dagleglivet:
Når du p.g.a. alder eller funksjonshemming treng praktisk eller personleg hjelp slik at du framleis kan bu i egen heim, kan du vende deg til NAV-kontoret som vil kartleggje hjelpebehovet og vurdere kva tiltak som kan setjast inn for å betre situasjonen.

Når du vil ut av rusmiddelmisbruk:
Viss du treng hjelp til å kome ut av rusmiddelmisbruk, kan du vende deg til NAV-kontoret, som i samarbeid med andre delar av hjelpeapparatet kan vurdere kva tiltak som kan setjast i verk. Det kan vere alt frå råd og rettleiing til støttekontakt, hjelp ifrå psykiatrisk fagpersonell eller innlegging i institusjon. Det kan også ytast hjelp til familien til rusmisbrukaren.

Når alt anna er prøvd – økonomisk sosialhjelp:
Du har rett til økonomisk sosialhjelp når alle andre utvegar for å forsørgje deg sjølv er prøvd. Før NAV kan avgjere om du har krav på økonomisk hjelp, må det liggje føre opplysningar som stadfestar den økonomiske situasjonen din.

Omsorgsløn
Sosialtenestelova § 4.2.2.e og Rundskriv I 42/98:
Personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid kan søkje om å få innvilga omsorgsløn

Web levert av CustomPublish