NAV Fedje og sosiale tenester

NAV Fedje held til i same lokala som tidlegare trygdekontoret låg  ("Gamlebanken"/Kalvedalen 1). Sosiale tenester blir i hovedsak utført av NAV Fedje. I tillegg tilbyr NAV tenester knytta til oppfølging.

Nav2010Sosialtenesta er integrert i NAV-kontoret, men arbeidar etter same lov og formål som før. Sosialtenesta skal fremje økonomisk og sosial tryggleik, betre levevilkåra for vanskelegstilte, samt førebyggje sosiale problem. Sikre at born og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Vi skal bidra til at born og unge får trygge oppvekstvilkår.
Sosialtenesta gir hjelp til personar som er i ein vanskeleg livssituasjon. Hjelpa vert gitt i form av råd og rettleiing, økonomisk bistand, naudhjelp og hjelp i samband med rusproblematikk. Sosialtenesta kan i samråd med den som søkjer sette i verk tiltak og samarbeide med andre hjelpeinstanser. Tenestene rettar seg i utgangspunktet mot vaksne, dvs. personar over 18 år. Dei tilsette har teieplikt.

Etter at NAV-kontoret også omfatter sosialtenesta, vil du få hjelp til følgande tenester der:

Økonomisk sosialhjelp
Avlastning og støttekontakt for funksjonshemma
Hjelpetiltak til rusmisbrukarar og deira familiar
Rusførebygging
Gjeldsrådgjeving
Startlån
Tilskot til utbetring av bolig
Bustønad

Når du treng hjelp til å greie deg i dagleglivet:
Når du p.g.a. alder eller funksjonshemming treng praktisk eller personleg hjelp slik at du framleis kan bu i egen heim, kan du vende deg til NAV-kontoret som vil kartleggje hjelpebehovet og vurdere kva tiltak som kan setjast inn for å betre situasjonen.

Når du vil ut av rusmiddelmisbruk:
Viss du treng hjelp til å kome ut av rusmiddelmisbruk, kan du vende deg til NAV-kontoret, som i samarbeid med andre delar av hjelpeapparatet kan vurdere kva tiltak som kan setjast i verk. Det kan vere alt frå råd og rettleiing til støttekontakt, hjelp ifrå psykiatrisk fagpersonell eller innlegging i institusjon. Det kan også ytast hjelp til familien til rusmisbrukaren.

Når alt anna er prøvd – økonomisk sosialhjelp:
Du har rett til økonomisk sosialhjelp når alle andre utvegar for å forsørgje deg sjølv er prøvd. Før NAV kan avgjere om du har krav på økonomisk hjelp, må det liggje føre opplysningar som stadfestar den økonomiske situasjonen din.

Omsorgsløn
Sosialtenestelova § 4.2.2.e og Rundskriv I 42/98:
Personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid kan søkje om å få innvilga omsorgsløn.

 

Får du arbeidsretta oppfølging frå NAV-kontoret?

På NAV  skal du få oppfølginga som er naudsynt for at du skal koma i jobb. Me vil snakka med deg om arbeidserfaringa, utdanninga, kompetansen og interessene dine og sjå på kva moglegheit du har for å koma i jobb. Saman ser me på kva behov du har frå NAV til å skaffa deg jobb. Dersom du har bruk for kvalifisering, arbeidstrening eller andre tiltak skal me laga ein plan saman for kva aktivitetar eller tiltak som er aktuelle for deg.

Viss du vil ha en samtale med rettleiaren din på NAV-kontoret for å få arbeidsretta rettleiing, må du ringa til oss først slik at me kan setta av eit tidspunkt til deg. Då er du sikker på at rettleiaren din er ledig og førebudd til samtalen før du kjem. Du kan òg kommunisera med NAV elektronisk ved å logga deg inn på Ditt NAV, og bruka funksjonen «Skriv til oss».

Har du spørsmål om ytingar frå NAV?

På nav.no finn du informasjon om rettar, utbetalingar og kor lang tid sakshandsaminga tar. Her kan du òg registrera deg som arbeidssøkar, få gode tips om jobbsøking, du kan senda søknad og sjekka kor langt saken din har kome, sjå utbetalingane dine, samt mykje anna du kan ordna sjølv.

Det er mykje meir effektivt enn å stå i kø, du har ingen reisevei og det er ope heile døgnet! Finn du ikkje svar på det du lurer på, kan du kontakta oss på 55 55 33 33.

Spørsmål om pensjon?

Pensjonsekspertane i NAV svarar deg på 55 55 33 34. Sjekk først om du finn det du treng på nav.no/dinpensjon.

Veiviser Økonomisk sosialhjelp:
nav.no kan du finna informasjon om økonomisk sosialhjelp og nødhjelp. Her kan du lesa om korleis du går fram om du treng gjeldsrådgiving og anna informasjon om du er i en vanskelig bu-  eller økonomisk situasjon.

Web levert av CustomPublish