Du er her: Start

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket - tilskott

Tenesteomtale

Du kan søkje om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Tilskottet kan du få til

  • skogkultur
  • vegbygging
  • miljøtiltak i skog
  • utdrift av skogsvirke med taubane, hest, osb.
  • andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket

Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla.

Målgruppe

Skogeigarar

Kriterium/vilkår

Du har meir enn 10 daa produktiv skog. Tilskott til utdrift av skogsvirke til energiproduksjon (bioenergi) og til andre aktivitetsfremjande tiltak (sjå ovanfor) kan òg gjevast til

  • skogeigarar som har mindre enn 10 daa produktiv skog
  • eigarar som har landbrukseigedommar utan produktiv skog

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Landbruksdirektoratet (forskjellige skjema)

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Søknad om tilskott til skogkultur, vegbygging, miljøtiltak i skog eller utdrift av skogsvirke til energiproduksjon (bioenergi) skrivast på skjema utarbeidd av Landbruksdirektoratet. Ved søknad om tilskott til drift med taubane, hest, o.a., ta kontakt med Fylkesmannen for å få meir informasjon. For andre tiltak i skogbruket, ta kontakt med kommunen.

Saksbehandling

Fylkesmannen gjer vedtak om tilskott til

  • vegbygging 
  • tynning og drift av skogsvirke med taubane, hest, o.a.
  • utdrift av skogsvirke til energiproduksjon (bioenergi)

Elles er det kommunen som er vedtaksmyndigheit.

Saksbehandlingstid

Kommunen/Fylkesmannen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 13:01

Web levert av CustomPublish