Du er her: Start

Mobbing - mottiltak

Tenesteomtale

Alle elevar i skulen har rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Elevar og føresette har rett til å bli høyrt, å bli informert og til å delta i planlegging og gjennomføring av eit godt og trygt skulemiljø.

Alle tilsette ved skulen har plikt til å følgje med, undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn så snart som mogleg dersom dei får kunnskap eller mistanke om mobbing, vald, diskriminering eller trakassering.

Ved tiltak mot mobbing skal skulen lage ein skriftleg plan og skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta til skulen.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga og leksehjelpordningar

Lover

Sjå spesielt opplæringslova kapiitel 9A og friskolelova § 2-4 Krav til skoleanlegg og skolemiljø.

Opplæringslova
Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
Friskolelova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld det psykososiale miljøet.

Ein elev kan flyttast til ein annan skule dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar. Før det blir gjort vedtak om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak.

Saksbehandlingstid

Skulen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Når det er gjort vedtak, gjeld dei vanlege klagefristane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er teken imot. Dersom skulen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer eit vedtak, kan det likevel klagast som om det var gjort eit vedtak. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Klagen skal leverast til skulen. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.

Anna informasjon

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING FOR FEDJE SKULE

Vedteken i samarbeidsutvalet 29. mai 2013

Kva er mobbing ?

Med mobbing eller plaging meiner vi psykisk og/eller fysisk vold retta mot eit offer, utført av enkeltpersonar eller grupper. Mobbing føreset eit ujamnt styrkeforhold mellom offer og plagar, og at episodane vert gjentekne over tid. Mobbing kan vera

- Bruk av kallenamn

- Utestenging frå gruppa

- Negativt kroppsspråk

- Spark

- Slag

- Øydelegging av personlege ting

 

Mobbing vert utøvd både direkte mot ein person, eller indirekte gjennom skriftleg materiale eller gjennom elektroniske media.

 

Kvifor ein handlingsplan mot mobbing ?

Opplæringslova

Opplæringslova har eit eige kapittel 9a som omhandlar elevane sitt skolemiljø: ”Alle elevar i grunnskolar og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring.”

Manifest mot mobbing

Statsministeren har på vegne av regjeringa skrive under på eit manifest mot mobbing.

Kommunenes Sentralforbund, Utdanningsforbundet, foreldreutvalet i grunnskolen og barneombudet har skrive under på same manifestet. Vi forpliktar oss å arbeide med ”Manifest mot mobbing 2011-2014”.

Vår eigen skule

Vi vil at mobbing ikkje skal skje på vår skule. Frå tid til anna må vi likevel rekne med at dette skjer også hjå oss. Av og til kan det vera lett synleg, andre gonger vil det vera vanskeleg å avdekka. Skulen skal vera ein trygg stad å vera. Det pålegg oss alltid å ha fokus på å avdekka mobbing. Mobbing gjeld oss alle på eit eller anna vis. Me pliktar derfor alle å seia i frå. DET FINST INGEN USKULDIGE TILSKODARAR. Skulen har derfor 0- toleranse i forhold til mobbing.

Fedje skule sitt mål er at

Alle elevar skal oppleve eit trygt og godt arbeidsmiljø fritt for mobbing på skulen

 

 

FØREBYGGJANDE ARBEID.

Tiltak i klassane.

  1. Førebyggjande arbeid der elevane lærer å lesa andre sine kjensleuttrykk , å visa medkjensle og å uttrykkja sine eigne kjensler på ein annan måte enn ved å bruka vald (sinnekontroll).
  2. Kvar klasse lagar sine klassereglar mot mobbing gjennom arbeid med ordensreglementet for skulen. Desse skal verta pent montert og hengja i klasseromma og gangane våre. Vi vil med dette heva store og små sitt medvit om temaet.
  3. Aktuelle tema vert tatt opp i klassen / klassemøte.
  4. Samtale med elevar / grupper av elevar som er i konflikt. Utarbeida avtale om korleis dei skal vera mot kvarandre.
  5. Samtale med enkeltelevar som har problem. Kartleggja kva problemet gjeld og setja i gang nødvendige tiltak.
  6. Bruka positiv belønning til elevar for gjennomført avtale.
  7. Foreldra vil oppmuntra borna til å fortelja om mobbing.

Aktivitetar for å fremma trivsel mellom borna.

  • Fokus på gode aktivitetar i friminutt- og matfriminutt.
  • Aldersblanda aktivitetar.
  • Utedagar og turar.
  • Fellessamlingar til høgtider.
  • Markering av gebursdagar i klassane.

Eleven si åtferd mot mobbing.

1. Ta vare på kvarandre

2. Ta elevar med i leiken

3. Diskuter mobbing i klassen

4. Lag ein kampanje mot mobbing

5. Sei i frå til ein vaksen

 

Vaksen åtferd mot mobbing.

1. Reagera konsekvent mot negativ elevåtferd.

2. Registrera og rapportera negative episodar til kontaktlærar for å avdekka gjentatt negativ åtferd mellom enkeltpersonar.

3. Ha merksemd retta mot mobbing i personalet. Ha tema på dagsorden på alle fellesmøte / teammøte

4. Gje elevane rikeleg med ros. Framheva elevane når dei gjer det gode/rette .

5. Halda fram med tett inspeksjon med mange vaksne ute i friminutta, spreidd over heile området.

6. Ein vaksen er saman med elevane i kantina i matfriminutta.

7. Ha mobbing på dagsorden på klasseforeldremøte.

8. Foreldra må undersøkja korleis barnet sitt er på skulen, og etterspørja kva lærarane opplever.

 

TILTAK NÅR MOBBING VERT OPPDAGA.

Første gang mobbing vert oppdaga:

Tiltak mot mobbaren:

  • Den vaksne som ser mobbinga, tek mobbaren ut av situasjonen og inn på eit nøytralt rom.
  • Hent ein vaksen til å vera med
  • Seier ifrå til leiinga om kva som skjer
  • Den vaksne som har sett situasjonen, spør ut mobbaren om kva som skjedde
  • Den andre vaksne noterer spørsmål og svar.
  • Alle tre skriv under på referatet
  • Mobbaren får beskjed om kva som vil skje etter neste mobbeepisode.
  • Kontaktlærar og rektor får melding med referat frå lærar som oppdaga mobbinga.
  • Kontaktlærar gjev melding til mobbar og mobboffer sine heimar.

Tiltak overfor den som vart mobba:

  • Få eleven til å fortelja kontaktlærar om kva som skjedde.
  • Gje positiv respons.
  • Oppfølgjingssamtalar over tid

Andre gang mobbing vert oppdaga mellom partane:

  • Same prosedyre som over, men foreldra til mobbaren vert kalla inn og vert med under samtalen.
  • Leiinga på skulen vert med.

Tredje gang mobbing vert oppdaga mellom partane:

  • Same prosedyre som over, men foreldra til begge partar vert kalla inn og vert med under samtalen.
  • Leiinga på skulen vert med.

Ved behov skal skulen melda frå til helseteam eller politi.

Som elevar vil vi

  • at elevane skal seia i frå til ein vaksen dersom dei ser at nokon blir mobba
  • at mobbing skal få konsekvensar for den som mobbar
  • ha meir og oftare fokus på mobbing, slik at alle skal vera klar over det og ikkje gløyma mobbeproblemet
  • at alle skal prøva så godt dei kan å hjelpa og ta vare på kvarandre

Som foreldre vil vi

  • ta initiativ til at problem som mobbing vert teke opp i klasseforeldremøte
  • vera bestemte og rettferdige
  • vera gode førebilete og gripa inn
  • snakka med eigne barn, også om kjenslene til dei som vert mobba
  • innsjå at eigne barn kan vera mobbarar
  • vera open for kritikk av eigne barn
  • ta mobbing på alvor, hindra at det skjer

Som helsesøster vil eg

  • i samarbeid med elevar, foreldre og lærarar vera med og påverka og vera pådrivar for eit godt helsefremmande miljø på skulen
  • vera tilgjengeleg for elevar, foreldre og lærarar
  • gje tilbod om støtte til barn, unge og foreldra deira når dei opplever psykososiale problem
  • vera med og kartleggja omfanget av mobbing gjennom spørjeundersøkingar og ved samtale under helsekontrollar
  • vera observant på tegn på mobbing hos elevane
  • ta opp temaet på helsekontrollane
  • i samarbeid med foreldre og skulen gje tilbod om tiltak for mobbeoffer og mobbar

Som vaksen vil eg

  • overhalda skulen sine reglar
  • respektera elevane og vera rettferdig
  • vera ein god rollemodell
  • ha konsekvent reaksjon mot negativ elevåtferd
  • hugsa inspeksjonen og vera aktiv i friminuttane
  • arbeida for eit godt klassemiljø
  • arbeida med ulike opplegg der elevane lærer å lesa andre sine kjensleuttrykk og lærer å uttrykkja sine eigne kjensler utan vald.
  • hjelpa elevane til å løysa konfliktar gjennom samtale og avtale.

Som rektor vil eg

  • vera ein tydeleg vaksen som alle kan ha tillit til
  • sjå til at det vert gjennomført gode inspeksjonar
  • dele utearealet i ulike aktivitetssoner som skil ulik aktivitet
  • samarbeida med elevrådet i arbeidet for eit betre fysisk- og psykososialt miljø ute og inne
  • stimulere foreldra til å skape gode sosiale møteplassar på fritida
  • leggja til rette for eit sosialt inkluderande og engasjerande miljø både for læring og leik
  • sjå til at kompetansen i førebygging og handtering av mobbing er god
  • leggja til rette for auka kompetanse i forhold til problemåtferd og sosial meistring
  • gjennomføra konsekvente reaksjonar og sanksjonar ved uønskt og antisosial åtferd

 

Revisjon av planen

For at planen til ei kvar tid skal vera oppdatert, skal han reviderast kvart år saman med ordensreglementet for skulen.

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 11:58

Web levert av CustomPublish