Du er her: Start/Nyhendearkiv

Minisvøm startar opp igjen 5. mars kl 17.00

Du er ein minisymjar om du er medlem av Fedje idrettslag og er mellom 1 år til 1. klasse.
(NB! Denne våren kan óg 1. klasse vere med)

Det varer frå kl. 17 til kl. 18. Dersom du ynskjer å vere lenger i bassenget, må du ta med din eigen nøkkel.

Organisert aktivitet vil vere ca 20 min. Vi øver på: å verte van med vatnet, flyte, ha hovudet under vatn og andre leikprega aktiviteter. Resten av tida er det frileik.

Alle born som deltek, må ha minst ein vaksen med seg ut i vatnet. Dette av di mange aktivitetar ikkje lar seg gjennomføre utan nok vaksne.

Tidspunkt denne våren:


5.mars

19.mars

9.april

16.april

23.april

7.mai

28.mai

4.juni

18.juni


Med atterhald om endringar.
Silje og Stine

Web levert av CustomPublish