Oransje skjerf

Her vart mange av sjala som vart strikka på Fedje levert.

Mange skjerf samla inn til juleaksjon!

Fyrste dag i november vert 10.000 skjerf hengt opp i storbyene i Noreg. Nesten 1000 vert hengt opp i Bergen, og opp mot 60 av desse er samla inn frå Fedje.

– Kirkens Bymisjon kallar 1.november for den varmaste dagen i året. Det er kjekt og kunne bidra og vera med litt, seier Kristin Handeland.

Ho la ut ein melding på facebook i juli, som oppfordra til å støtta Kirkens Bymisjon si juleaksjon «Gled en som gruer seg til jul» ved å strikka oransje skjerf. Slik gjekk det til at folk frå Fedje og tilknyting til Fedje strikka 58 sjal som no er levert inn i Bergen.

–  Eg veit om 58, det kan godt vera mange fleire, understrekar Handeland. – Det som gjorde at eg posta det i sommar, var etter oppfordring frå eit bekjentskap som tidlegare har strikka mange sjal. Då tok eg oppfordringa og tok den vidare.

Solidaritet og hjelp

Oransje skjerf-aksjonen starta i 2010. Då hengde Hobbyklubben ut eit ullplagg til utstilling. Dei oppdaga at ein heimlaus tok ullplagget, brukte det om natta og hengde det opp grytidleg neste morgon. Då vart ideen om samarbeid med Kirkens Bymisjon fødd, og no har det vorte ei folkerørsle å strikka for å hjelpa eller visa solidaritet. Det oransje skjerfet er vorte eit symbolplagg for å visa at ein ynskjer eit varmare og meir inkluderande samfunn.

Kristin Aase var ei av dei som samla inn å leverte skjerf til Bergen. Skjølv om det oransje garnet som vert nytta til strikkeaksjonen ikkje finst på nærbutikken, visste ho råd.

–  Eg måtte bestilla ladningar med garn på internett tre gonger, det vart rive vekk frå meg, so populært vart det å vera med på aksjonen, fortel ho.

Både Aase og Handeland er imponerte over innsatsen, men trur det vil vere mogleg å samla inn enno fleire skjerf til aksjonen neste år.

–  Tusen takk til alle som har bidrege, alle dei som eg veit om og ikkje veit om. Neste år må vi ha 100 sjal som mål. Eg har byrja allereide no, seier Handeland.

Web levert av CustomPublish