Du er her: Start/Nyhendearkiv
Kanskje har flaska Malvin fann vore jorda rundt, på dei 15 åra ho har brukt frå Askøy til Fedje?

Kanskje har flaska Malvin fann vore jorda rundt, på dei 15 åra ho har brukt frå Askøy til Fedje?

Malvin fann flaskepost i Flundrevågen. Sendt ut frå Askøy – for 15 år sidan!

Same dag som mellomtrinn på Fedje skulle sende flaskepost, skjedde det utrulege. Ikkje berre fann dei ein flaskepost sjølv, sendt ut frå to Askøy- jenter på 11 og 10 år. Men då læraren skulle spore opp jentene viste det seg at dei no var blitt 28 år! Flaska hadde altså brukt 15 år frå Hanøy til Fedje.

– Merkeleg nok skulle vi akkurat denne dagen gå ut med våre eigne flaskeposter og hive dei utforbi Hovden på østsida. Men samme dagen fann vi altso ei flaskepost sjølve, forklarar lærar Saskia Trägner, som understrekar at dei sjøvsagt nytta anleinga til å snakke om miljøhensyn og plast.

Trägner vart lettare sjokkert då ho ringte til Hanøy skule for å spore opp Askøy-venninnene Linn Therese og Silje. Etter mykje detektivarbeid, fann ho ut at jentene faktisk var blitt 28 år.

– Eg ringte rundt flere ganger og snakka med både rektor, assisterende rektor og lærar på Hanøy skule. Til slutt hadde jeg meldingkontakt med ei av jentene. Det visste seg altså at dei no er 28 år gamle og flaskeposten ble sendt for ca 15 år siden. Er ikkje det tøft? Kanskje ho har gått jorda rundt fyrst?

Tredje- og fjerdeklasse på Fedje skule var i alle fall einige om at prosjektet med uteskulen hadde ført til spanande resultat!

Silje og Linn Therese fekk endeleg svar på flaskeposten si!
Silje og Linn Therese fekk endeleg svar på flaskeposten si!
Stolt mellomtrinn-gjeng fann ei utruleg flaskepost i fjæra i Flundrevågen!
Stolt mellomtrinn-gjeng fann ei utruleg flaskepost i fjæra i Flundrevågen!
Web levert av CustomPublish