Syklande. Foto: Sara Godthelp Vågsmyr, 2014 (student v/ NKH)

Livet på Fedje

Kva er Fedje for ein plass? Korleis er det å bu så langt vest ein kjem i kongeriket, under open himmel og med hav og fjord på alle kantar? Mellom krabbar, torsk og villsau, bølgjer og blåst, har det vakse fram eit tett og levande samfunn. Og det er kanskje nærare enn du trur.
 

Det er korte avstander til alt på Fedje. Me er Noregs åttande minste kommune i folketal, og tredje minste i landareal, men har likevel mykje å by på. Me har nye og gode idrettsanlegg, eit rikt kultur- og lagsliv, butikk og postkontor, mikrobryggeri, pub og kafé, og meire til. Kommunen legg vekt på å tilby gode tenester, og er tett på innbyggarane.

Tida går på sett og vis litt saktare på Fedje. Det er lågare tempo, sjølv om det er driftige folk som er busette her ute. Dei korte avstandane her ute gir deg meir tid - tid til familie, til vener og til deg sjølv. Fedje verkar kanskje langt vekke for nokon, men når du først er her, er det meste nært.

Når du set deg på ferja frå Sævrøy betalar du returbilletten, for alle må attende den same vegen. Vel i hamn på Fedje er du komen til endestoppet. Vest for Fedje ligg milevis med hav, heilt til Shetland og dei britiske øyer. Ferja MF Fedjefjord er navlestrengen som knyter Fedje med nabokommunen Austrheim. Dette er ein moderne ferje som sjeldan må stoppa for vêr og vind - og det har me som kjend ein del av. Overfarten tar 30 minutter. Frå ferjekaien på Sævrøy (Austrheim) tar det med bil ti minutt inn til Matrevik (kommunesenteret i Austrheim) kor ein finn Mastrevik torg. På tre kvarter kjem ein seg til Knarvik, og på ein dryg time er ein i Åsane. Heilt inn til Bergen kjem ein på ein time og tjue minutt.

Kommunikasjonar:
Næraste hurtigbåtstopp er på Vardetangen i Austrheim, kor det er nordgåande ruter til Sogn og sørgåande ruter til Bergen.
Næraste flyplass er Bergen lufthavn Flesland (1 time og 40 min køyring frå Sævrøy).
Næraste togstasjon: Bergen togstasjon / Arna togstasjon.
Buss går frå Bergen til ferjekaien på Sævrøy, via Knarvik og Mastrevik. Finn bussruter på www.skyss.no

 

Vil du vita meir om korleis det er å bu på Fedje?
Kontakt oss - me er mange som vil hjelpa deg!

Skriv ut Skriv ut