Workshop

Dei frammøtte på workshopen jobba i gruppar, og fekk forhåpentlegvis inspirasjon til framtidige turisttilbod.

«Fedje har stort potensiale»

“Opplevelseturisme på Fedje” var tema da Per Gunnar Hettervik frå NCE Tourism Fjord Norway skulle forklare oppmøtte fedjingar kva slags potensial som eigentleg finnes i havlandsbyen vår.

Han viste dei framøtte i fleirbrukshallen statistikk på at i 2050 ville aktivitetsturismen utgje hele 50 prosent av all turisme. I Norge er det fjordnorge som aukar aller mest på turismefronten. Og då reknast vestkysten også med. Den sokalla aktivitetsturisten er på konstant jakt etter eventyr og historier å ta med seg heim. Der har Fedje et stort potensiale, med den rå naturen og livet i havet. Fleire stader med liknande landskap som Fedje har man allereie kommet godt i gang med dette.      

10.mai vart det arrangert ein kickoff på Fedje der over 10 prosent av befolkninga møtte. Eit mellombels styre, interimstyre, vart nedsett i etterkant av dette for å bestemme kva områdar som skulle satsas på, og dei landa på kajakk og havfiske. Dette forklarte Nils Moldøen i interimstyret på workshopen.

Turister skapar behov for sengeplasser og mat, og dette blir en del av satsinga. På Fedje har det sidan i fjor haust starta en rekke prosesser knytt mot utvikling.  Fleire muligheiter innan overnatting er allereie etablert. Innan lokal mat har Jostein Husa tatt seg fri frå lærervirket for å jobbe heiltid med sanking og matlaging..

Fleire arbeidsplassar

På workshopen var det satt av tid med gruppearbeid med idémyldring. Konklusjonen vart nok en gang at Fedje hadde mye å tilby om man bare satt i gang. For eksempel troféfiske, gruppeturar med fiske og matlaging og enda meir kajakkturer, knytt til allereie etablerte verksemder. Kommer dette i gang vil det også bli jobb til andre typar bransjar, for eksempel innan service og reinhald. Kanskje det til og med vil bli behov for en fotograf, når for eksempel ein asiatisk turist ønskjer et spektakulært facebook-bilde med ein steinbit eller kongekrabbe i handa. Alt dette står att å sjå.

Kommunen vil halde fram med å stelle i stand arrangement som skal fremje entreprenørskap. Workshopen no var det tredje arrangementet, kick-offen 10. mai det andre, og rådmannen si framlegging av budsjett 2017/økonomiplan i fjor haust, det første. Det var i fjor haust at satsinga på stadutvikling og på å skape meir aktivitet på Fedje, blei lansert for første gong.

Det er viktig for Fedje kommune å bidra til entreprenørskap. Framover vil det bli fleire arrangement med dette som formål. Ei utstilling med foredrag og diskusjon (innan arkitektur), lansering av film, og ein workshop for ei anna gruppe enn dei som hadde workshop no nyleg, er under planlegging. Noko av det kjem rimeleg snart.

Følg med!

Web levert av CustomPublish