Sjukeheimen på Fedje i oktobersol

Sjukeheimen på Fedje i oktobersol

Legekontoret på Fedje

Her finn du:
- legekontortider
- snarleg trong for hjelp
- sjømannslegetilbod og petroleumslegetilbod på Fedje
- fastlegetelefonen/korleis bytte fastlege

LEGEKONTORTIDER:
-----------------------------------------------------------------------------
MÅNDAG frå 09 til 12
ONSDAG frå 09 til 15
FREDAG frå 09 til 12

Dette vert av og til endra. Legekontoret har telefon 56164031, og du vil alltid få kontakt med lege på dette nummeret. Legekontoret er i underetasjen i Fedje sjukeheim (stort bygg tvers over vegen frå butikken Nye Fedje Handel).
Det plar ikkje vere lang ventetid ved tinging av time.
Adresse: ERNST HORGEN, KOMMUNEOVERLEGE, 5947 FEDJE


SNARLIG TRONG FOR HJELP:

Du bør alltid først ringe legekontoret ved tlf:
56 16 40 31
(la det ringa ei stund).

Dette telefonnummeret bringer deg anten i kontakt med legekontoret på Fedje, Fedjelegen direkte eller Nordhordland Legevakt i Knarvik dersom legen ikkje er på Fedje.
Får du ikkje svar på dette nummeret, og det ligg føre ein akutt alvorlig tilstand med trong for snarlig legehjelp og/eller ambulanse, så ring:

113

(Naudnummer til Haukeland sjukehus / legehelikopteret)


SJØMANNSLEGETILBOD OG PETROLEUMSLEGETILBOD PÅ FEDJE

Det vert ved legekontoret på Fedje utført legeundersøking av tilsette på skip og oljeinstallasjonar.
Dei som ynskjer å få utført slik undersøking ved legekontoret på Fedje, kan vende seg til kontoret vårt og gje informasjon om at ein treng ein attest for sjømenn eller oljeinstallasjon. Undersøkinga tek 30 til 45 minuttar

FASTLEGEORDNINGA

Fastlegeordninga vart innførd i heile Norge 1. juni 2001. Dette inneber at du som pasient vert knytt til ein fast lege. Du kan byte lege inntil 2 gonger kvart år. Ein føresetnad for å byte er at det er ledig kapasitet hjå den legen du vil byta til. Du kan òg få ei fornya vurdering av eit konkret problem hjå ein annan av fastlegane utan at du treng å byte lege.

Nyfødde vert frå trygdekontoret tildelt same fastlege som mor, med mindre foreldra vel annleis.

Nærare informasjon om fastlegeordninga kan du få ved å kontakte oss på legekontoret eller ditt lokale NAV-kontor. Du kan òg ringe fastlegetelefonen: 810 59 500 eller nytte minfastlege.no der du kan finne din fastlege, bytte fastlege, finne leger med ledig kapasitet mm.

Alle har rett til å få tildelt fastlege i den kommunen dei er busett i. Ein kan velge fastlege uavhengig av kommunegrenser, men ved behov for særskild transport (drosje m.v.) dekkjer Folketrygda normalt reise til kun til næraste lege.

Kontaktskjema for psykisk helse i Fedje kommune - Psykologskjema finn du her.

Web levert av CustomPublish