Bilde med skrift til stillingsutlysninger i kommunen

Ledige undervisningstillingar

Frå 01.08.2018 har Fedje skule ledig inntil 4 undervisningsstillingar, fast/årsvikariat.

Fedje skule er ein fådelt 1- 10 skule med ca. 80 elevar og ca.12 undervisningsstillingar. Me har minoritetsspråklege elevar på dei fleste trinn. Skulen har eige symjebasseng, god dekning på elev-PCar  og nyrenovert naturfagssal. Me har ein skule som har gode læringsresultat, eit godt elevmiljø, høgt fagleg nivå i lærarkollegiet og små klassar i eit positivt lokalmiljø. Har du lyst til å bidra?

Fedje kommune kan tilby hjelp til å finne bustad, eit godt oppvekstmiljø, gratis tilgang til symjehall og svært god tenestepensjonsordning (SPK).

 

Me søkjer lærarar med formell grunnskulelærarutdanning. Det er avgjerande at du kan undervise i mange fag og på fleire trinn. Me ønskjer oss lærande lærarar med

  • fagleg oppdatert kompetanse
  • gjerne andrespråkspedagogikk
  • helst erfaring med å jobbe i team i forhold til krava i Kunnskapsløftet.

 

Me treng spesielt å dekke kompetansekrava i følgjande fag:

Småtrinnet: Byrjaropplæring i norsk og matematikk og uteskule

Mellomsteget og ungdomssteget: Matematikk, naturfag, norsk, engelsk, spansk, kunst/handverk og kroppsøving med symjing.

 

Me har også ledig mellombels inntil 100 % stilling vaksenopplæring norsk for minoritetsspråklege i perioden 01.08.18-31.07.19.

 

For alle stillingane gjeld at me søkjer deg som er stabil og har god evne til klasseleiing. Du har kjennskap til arbeid med psykososialt miljø og kan vise til gode resultat. Du må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lov og avtaleverk. Interne søkjarar med eventuell fortrinnsrett vil verte vurdert først.

 

For nærare opplysningar: Rektor Linda Husa, tlf. 56 16 51 21 eller linda.husa@fedje.kommune.no
 

Søknadsfrist: 13. februar 2018

 

Send søknad med CV og minst 2 referansar til   

Fedje kommune, Stormarkvegen 49,5947 Fedje eller postmottak@fedje.kommune.no

Sjå gjerne vår vesle videosnutt om landsbyen vår: http://www.fedje.kommune.no/her-kan-du-sjaa-fedjefilmen.6073533-299349.html

 

 

Web levert av CustomPublish