Fedje - landsbyen i havet - foto Even Vaular juli 2014

Ledige undervisningsstillingar

Frå 01.08.2017 har vi ledig inntil 3 undervisningsstillingar, fast/årsvikariat, og ledig fast inntil 50% stilling i vaksenopplæring norsk.
Søknadsfrist 29.mars 2017

 

EIT NYTT LIV I LANDSBYEN I HAVET?
Fedje - Noregs vestlegaste kommune er liten, men god å bu og leva i. Her er ca 600 innbyggjarar, og avstandane i øykommunen er små. Til næraste by, Bergen, kjem ein på ca 1,5 time. I kommunen er det rikeleg høve til mangfaldig friluftsliv både på sjø og land. Om sommaren har me ”sørlandsidyll” og om vinteren ruskevêr.

Fedje skule er ein fådelt 1- 10 skule med ca. 80 elevar og ca.12 undervisningsstillingar.Me har minoritetsspråklege elevar på dei fleste trinn. Skulen har eige symjebasseng. Me har ein skule som har gode læringsresultat, har eit godt elevmiljø, høgt fagleg nivå i lærarkollegiet og små klassar i eit positivt lokalmiljø. Har du lyst til å bidra?

Fedje kommune kan tilby hjelp til å finne bustad, eit godt oppvekstmiljø, gratis tilgang til symjehall og svært god tenestepensjonsordning (SPK).

Frå 01.08.2017 har vi ledig inntil 3 undervisningsstillingar, fast/årsvikariat.

Me søkjer lærarar med formell grunnskulelærarutdanning. Det er avgjerande at du kan undervise i mange fag og på fleire trinn. Me ønskjer oss lærande lærarar med

  • fagleg oppdatert kompetanse
  • gjerne andrespråkspedagogikk
  • god kunnskap om Kunnskapsløftet
  • helst erfaring med å jobbe i team i forhold til krava i Kunnskapsløftet.

Me treng spesielt å dekke kompetansekrava i følgjande fag:
Småtrinnet: byrjaropplæring i norsk og matematikk
Mellomsteget og ungdomssteget: Matematikk, naturfag, norsk, engelsk, spansk, og  kroppsøving med symjing.
Om det ikkje er mogleg å rekruttere grunnskulelærar som kan undervise i spansk, er det aktuelt å tilsetje nokon i deltid årsvikariat sjølv om dei berre kan undervise i dette faget.

Me har også ledig fast stilling i inntil 50% stilling i vaksenopplæring norsk og mogleg samfunnsfag for minoritetsspråklege.

Me søkjer deg som er stabil, har god evne til klasseleiing, og kan vise til gode resultat knytt til arbeid med psykososialt miljø i og mellom klassar. Du må leggje fram tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Tilsetjinga skjer etter gjeldande lov og avtaleverk. Interne søkjarar med eventuell fortrinnsrett vil verte vurdert først.

For nærare opplysningar om stillingane: Rektor Linda Husa, tlf. 56 16 51 21
Søknadsfrist: 29.mars 2017

Send søknad med CV og minst 2 referansar til  
Fedje kommune, Stormarkvegen 49,5947 Fedje eller postmottak@fedje.kommune.no
Eit inntrykk av kommunen vår får du på: www.fedje.kommune.no

Web levert av CustomPublish