Haustbilete av gravplassen

Haustbilete av gravplassen

Kyrkjegard og kyrkjegardsvedtekter

Fjerning av kompostkonteinarane ved kyrkja og gravplassen i Bøgardsvika.
Fedje sokneråd har ei tid hatt utplassert kompostkonteinarar ved Fedje kyrkja og i Bøgardsvika. Dessverre vart det ikkje den effekten av kompostkonteinarane som vi hadde håpa. Mykje (kransar) av det som ein nyttar til pynt på gravene er samansett av ulike materialar, derfor vel vi no å ta bort kompostkonteinarane og berre ha restavfallkonteinarar. Det vil i nær framtid verta rydda der kompostkonteinarane var plassert.

Synfaring på gravplassane.
Vi minner om at eigaren er ansvarleg for at gravminne ikkje er i forfall, til sjenanse eller fare for dei som ferdast på gravplassen.

Feste av gravminne.
Administrasjonen ved kyrkjelydskontoret minner om kva ” LOV OM KIRKEGÅRDER, KREMASJON OG GRAVFERD” ( GRAVFERDSLOVEN) omtalar i Kap. 3 §16.

Overføring av feste.
Eit feste kan ikkje overførast utan samtykke frå kyrkjeleg fellesråd, og det kan ikkje overførast mot noen form for vederlag.
Når festaren døyr, skal dødsbuet gi kyrkjeleg fellesråd melding om kven feste ønskjast overført til. Ved usemje treffer fellesrådet avgjersle.
Brev vil verta sendt ut frå kyrkjelydskontoret sommaren 2013 til pårørande som sytte for gravferda til avdøde personar som var festar for grav(r).

Web levert av CustomPublish