Fedje kyrkje

Fedje kyrkje

Kyrkja på Fedje

Fedje kyrkje er eit godt synleg landemerke. Sidan 1600-talet har det stått kyrkjer på same plassen som ein finn dagens kyrkje. Den vart vigsla 7.september 1941 og har omkring 400 sitjeplassar. I skuleferien er kyrkja open for publikum kvar dag.

Historisk tilbakeblikk

Det har vore fleire kyrkjebygg på Fedje. Kyrkja, slik den er i dag, vart vigsla i 1941, men kyrkja her ute er første gong nemnd i 1636.  

Samtlege kyrkjer skal ha stått på same staden som kyrkja står i dag. Det første kyrkjebygget var lite og skrøpeleg. Presten sto i altaret vend mot folket då han preika. Altarringen gav rom for seks menneske dersom dei knelte tett saman. Korshuset vart teke ned i 1659, og ei ny kyrkje vart reist same staden.

Den nye kyrkja var av tømmer, med eit langskip på berre 8 meter. Kyrkja var reist etter ei gåve frå «Erlig og Velagtet Mand, Anders Bastiansen, Skipper og fornemme Borger i Bergen». På ei reise frå Finnmark i 1657 kom han uti storm og uver som truga med forlis. Han gav Gud ein lovnad om at dersom liv og last vart redda, skulle han gje ei pengegåve til kyrkja på den plassen han rak i land. Det vart Fedje.

Først i 1679 fekk Fedje eigen kyrkjegard. Tidlegare måtte dei fara over fjorden til Austrheim og gravleggja dei døde.

På midten av 1800-talet var kyrkja i så dårleg stand at kyrkjeeigar Kahrs søkte om å få riva tårnet, for at vinden ikkje skulle ta det. Soknet kjøpte kyrkja i 1854 og betalte 100 riksdalar. Då følgde det òg med fem kyr. Kyrkja vart riven i 1888. Materialane vart for ein stor del nytta i dei gamle handelshusa på Stenborg, som no er borte.

Den nye kyrkja, som vart vigsla same året, var ei lita trekyrkje med tårnet halvt innbygd i den eine gavlen. Skipet var 10,3 meter langt og 7,3 meter breitt og romma kring 80 sitjeplassar. Kyrkja hadde ikkje orgel.

Kring 1930 fekk kyrkja den altartavla og det altarbordet som er i bruk i dag. Det var gåver frå utflytta norskamerikanarar, Bertha og Mikal Viken. Biletet på altertavla er måla av Vilhelm Bjørknes, Byrknesøy og treverket i altaret og altertavla er utført av fyrmeister Ivar Tangen. Dette arbeidet var gjort i ledige stunder på Hellisøy Fyr.

 

Web levert av CustomPublish