Du er her: Start»Politikk»Val

Val

Val 2015 - logo gull

Kven fekk flest personrøyster og slengarar?

Personrøyster og slengarar gir utslag på valresultata og somme kandidatar klatrar opp fleire plassar på partilistene. Sjå her kva kandidatar som mottok flest personrøyster og slengarar i kommunevalet 2015.

Ikkje uventa er det kandidatar frå dei største partia som får flest personrøyster. Tabellen nedanfor synar topp ti mottakarar. 

Kandidatar med flest personrøyster
Kandidat Parti Personrøystar Slengarar
Stian Herøy H 53 10
Roy Asle Tungland KrF 48 11
Ingmar Stuberg KrF 39 5
Kristin Handeland Ap 35 4
Tonje Sulen Gullaksen H 34 1
Paul Gullaksen H 33 13
Olav Nilsen Husa KrF 29 11
Bjørn Solbakk FrP 28 10
Terje Blomvågnes Ap 26 2
Tove Nordseth KrF 25 1

 

For slengarane ser me eit anna bilete. Ein slengar er ein personrøyst frå ein veljar av eit anna parti. Difor kan også kandidatar frå parti som har fått færre partistemmar få mange slengarar. Dei ti kandidatane som fekk flest slengarar i kommunevalet 2015 ser du under.

 

Kandidatar med flest slengarar
Kandidat Parti Slengarar Personrøystar
Paul Gullaksen H 13 33
Roy Asle Tungland KrF 11 48
Olav Nilsen Husa KrF 11 29
Stian Herøy H 10 53
Bjørn Solbakk FrP 10 28
Ottar Tangen FrP 9 12
Per Opsahl Dem 8 7
Ingmar Stuberg KrF 5 39
Gidske Borge Kolltveit Ap 5 14
Kristin Handeland Ap 4 35

 

For nokre kandidatar har personrøyster og slengarar bringa dei høgt opp på partilistene. Somme har klatra rett inn i kommunestyret. Dei største klatrarane finn du nedanfor (i tilfeldig rekkefølge).

Største klatrarar
Kandidat Parti Personrøyster Slengarar Frå plass nr. Til plass nr.
Erling Walderhaug H 21 3 16 4
Olav Nilsen Husa KrF 29 11 6 3
Gidske Borge Kolltveit Ap 14 5 7 4
Bjarte Moldøy FrP 5 3 16 4

 

 

Web levert av CustomPublish