kunstloga

Kunstskule i haust!

Kulturskulen tilbyr 10 vekers kunstskule i haust. Tilbodet er for deg mellom 12 og 90 år. 

Oppstart er onsdag 20.september. Kurset vert avhaldt kvar onsdag kl. 18-21 i skulekantina. Uke 39 og 41 vert det ikkje kurs.

Fyrste gong er uforpliktande prøvetime.

På kurset får elevane læra teikne- og maleteknikk med bruk av ulike materiale. Teikning, akrylmaling, pastellkritt og kroki. Vi vil nytta levande modeller på nokre av kursdagene, og ved ein av kursdagane vert det hyra ein akt-modell.

I tillegg til kulturskuleavgifta, må det påreknast 450 kr i teikne- og maleutstyr. Dette fordi kunstutstyr er kostbart. Du vil til gjengjeld sitte igjen med flotte personlege kunstverk.

Kurset vil bli inspirert av Academy of Art i San Fransisco si kunstundervisning, kor instruktøren var elev i 2011.

Påmelding innen 14.september.

For påmelding eller spørsmål, ta kontakt med instruktør charlotte.lilleheil@fedje.kommune.no

Tlf: 92088851

Skriv ut Skriv ut
Web levert av CustomPublish