Kulturskulen

Kulturskulen kan tilby undervisning i song, piano, orgel, keyboard, trekkspel, messingblås, trommer, gitar og bassgitar.

Faste lærarar er Jan Torry Sande ,Tord Ivar Marøy og Lisbeth Stuberg.

Dette året er både Lisbeth Stuberg og Jan Torry Sande i permisjon.
Kontaktperson i kulturskulen frå 01.09.2016 til 01.09.2017 er Tord Ivar Marøy.
​Han har e-post t-iva.ma@online.no​, og mobilnummer 901 98 764

UNDERVISNING
Undervisninga i kulturskulen føl skuleruta.
Dei vanlege undervisningsformene er gruppeundervisning og einetimar.
Undervisningstida vert avtalt med lærar for kvar aktivitet.

INSTRUMENT OG UTSTYR
Regelen er at elevane skal halde instrument sjølve.
Kulturskulen disponerer følgjande større instrument: Piano og keyboard.

ELEVBETALING
Prisar for kulturskulen finn du her.


KVEN TILBODET GJELD FOR
Alle som er busette i kommunen kan, frå det året dei fyller 8 år, søkje om opptak i kulturskulen.

OPPTAK
Søknaden er bindande etter at svar på opptaket er motteke.
Innmelding og oppseiing vert løpande handsama. Det er ikkje naudsynt å fylle ut skjema. Send ein e-post med namn på eleven, fødslesdato og kva instrument eleven ønskjer undervisning på.


Send søknad til: t-iva-ma@online.no

 


 

Web levert av CustomPublish