Kulturmidlar - tildelingsreglement

Fedje kommune har kr. 110000,- til fordeling til lag og organisasjonar.
Søknadsfrist vert publisert her på heimesidene og ved oppslag.

 

 

 

Tildelingsreglement for kulturmidlar:

Desse reglane vart vedteke i Fedje kommunestyre 03.09.03 - Sak 047/03

1. Kulturmidlar kan delast ut til frivillige lag og organisasjonar som har sitt virke i Fedje kommune, og som driv ein jamn og fast aktivitet. Kulturmidlar skal ikkje gå til einskildpersonar. Ved unntak kan det delast ut midlar til regionale organisasjonar, grunna at medlemspotensialet er så lite at organisasjonen måvera regional. Det er då eit krav at organisasjonen oppgir kormange medlemmer som finst på Fedje.

2. Organisasjonar som kan vera medlem i ein større organisasjon på Fedje bør søkja midlar gjennom den samlande organisasjonen.

3. Kulturmidlane vert delt ut ein gong i året primært i juni månad.

4. Tildeling av midlar skjer etter skriftleg søknad . Søknadsskjema vert automatisk sendt til dei laga som mottok stønad året før. Elles vert søknadsfrist lyst ut på dei faste plassane i kommunen.

5. Søknaden skal innehalde følgjande moment:

- namn på søkjarorganisasjon

- medlemstal

- kort rapport om aktiviteten i laget

- forventa driftsutgifter/inntekterfor inneverande år

- søknadssum

- kva søknadssum skal nyttast til

- oversikt over kva dei tildelte midlane frå året før vart nytta til

- rekneskap for verksemda i laget året før

6. Lag og organisasjonar som bryt med intensjonen med bruken av av dei tildelte midlane, kan verte nulla ved neste års tildeling. Lag og organisasjonar som legg ned aktiviteten det same året dei er vorte tildelt kulturmidlar, kan risikere å måtte tilbakebetale søknadssummen.

7. Ufullstendige søknader vert tilbakesendt.

8. Lag og organisasjonar som mottek kulturmidlar, forpliktar seg til å stille opp på opptil 2 arrangement i regi av kulturkontoret eller i arrangement i arrangement der kulturkontoret er samarbeidspart. Dette anten som underhaldningskrefter eller som pratiske medhjelparar. Dei som ikkje føl denne bindinga, får reduksjon ved neste tildeling.

9. Vi ber om at utstyr som høver til utlån og som i hovudsak vert finansiert gjennom kulturmidlar, vert gjort tilgjengelege for andre lag og organisasjonar dersom det kjem ein førespurnad. Det er ikkje aktuelt berre når det kjem i konflikt med bruken av eigaren til utstyret. Lånar har ansvar for utstyret den tida dei disponerer det.

10. Lag / Organisasjonar som driv aktivitetar for, eventuelt med, born og ungdom vil verta prioritert.

11. Tilskot frå kulturmidlane skal ikkje gå til lag / organisasjonar som berre driv og / eller leiger ut bygg.

Web levert av CustomPublish