Du er her: Start

Krisesenter

Tenesteomtale

Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på? Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Vi kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte 
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine. 
    Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde 
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som blir råka.

Krisesenter er ei lovpålagt teneste.

Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal være trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.

Målgruppe

Kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste etter krisesenterlova.

Krisesenterlova
Forskrift om fysisk sikkerheit i krisesentertilbodet

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 09:29

Web levert av CustomPublish