Ammunisjonsbunker frå 2.verdenskrig i Vinappen

Ammunisjonsbunker frå 2.verdenskrig i Vinappen

Krigsminna i Vinappen

 Fedje vart involvert i 2.verdenskrig kort tid etter utbrotet. Okkupasjonsmakta fikk etablert eit festningsanlegg i Vinappen. Her vart det mellom anna sett opp eit radartårn på 40 meter. I Vinappen er det mogeleg å spasere omkring og sjå på ein god del restar etter dette festningsanlegget.

På biletet over ser du ein ammunisjonsbunker.

 

Wasserman  S-Fumg 402

Luftwaffe sin flyvarslingsradar på Fedje var av typen Wassermann-S (schwer) Fumg 402. Antenna var 40 meter høg. Den var sett på ein radarbunker av typen "Regelbau L480". Konstruksjonen inneheld 1890 m3 stålbetong og 74 tonn armeringsjarn. Kystverket sin trafikksentral på Fedje er bygd på restane etter denne bunkeren.

Berre nokre få veker etter at Noreg var drege inn i den andre verdskrigen kom det ein båt med tyske soldatar til Fedje. Etter kvart kom det fleire soldatar med utstyr, mellom anna to kanonar som vart plassert i Vinappen.

Forsvarsanlegget vart avgrensa til nordre og søre Vinappen og Hesthaugen. Frå Vinappen og Hesthaugen var det full kontroll over sjøvegen frå nord og sør, og området var avgrensa med gjerde og minefelt. Den einaste tilgangen var gjennom den strengt overvaka porten. Det vart utferda passersetel til dei som hadde beiteområda sine innafor gjerdet, der kystartilleriet  og luftvåpenet heldt til. Avdelingane hadde kver sine anlegg, med administrasjonskontor, matsal og bustadbrakker. I tillegg til dette hadde tyskarane ei sjukestove og ei badstove. Dei bygde vegar , damanlegg, skytebane, og ein jernbane som frakta stein opp til staden der radartårnet vart reist.

På det meste var det kring 400 tyskarar stasjonerte på Fedje. Utanom tyske soldatar og tvangsflytta franske og belgiske arbeidarar var det òg ein del norske som arbeidde med å bygge opp anlegget. Desse vart innkvartert privat på øya.

Dei fleste brakkene som tyskarane sette opp, vart selde på auksjon etter krigen. Nokre få vart ståande, og er i  dag nytta som bustadhus, i svært ombygd tilstand. Sjukestova vart nytta til bustadhus fram til 1970. Då vart ho seld og like etterpå riven. Det var eit rimeleg bra forhold mellom tyskarane og lokale folk på Fedje, og i påkomande tilfelle vart fedjingane behandla av legen på sjukestova. Losen, som hadde passersetel til området, tok ofte med seg fiskarar som trong hjelp.

(Utdrag frå tekst i Kulturhistorisk Vegvisar Fedje, 1995)

Radarfeste i Vinappen
Ammunisjonsbunker frå 2.verdenskrig i Vinappen

Würzburg-Riese (FuMG 65)

På biletet over ser du radarfestet til ein Würzburg-Riese (FuMG 65). Det var to slike montert på Fedje under andre verdskrigen. Denne typen radar var produsert av firmaet Telefunken, og blei første gang sett i teneste i oktober 1940. Ein komplett radar var vog omlag 15 tonn. Parabolantenna var 7,4 m i diameter.

Stilling til tysk luftvernkanon 20mm
Stilling til tysk luftvernkanon 20mm

Stilling til tysk luftvernkanon (20 mm)

I vinappen var det fleire  luftvernkanonar:

  • 88mm Marine og 88mm Luftwaffe (SKC - 30). Rekkevidde 14800m
  • 75mm Marine (M97). rekkevidde 11000m
  • 20mm marine 0g  20mm Luftwaffe (Flak-30). Rekkevidde 2000m

 

Bilete av bunker og skilt i Vinappen
Bilete av bunker og skilt i Vinappen

Stillinga til eit 88mm batteri

 

Sitat frå ein tysk logg:

- Fedje meldet: -Flak-alarm !-
FLAKZUG FEDJE i kamp;
Første skot avgitt frå 88mm batteriet, 9. april 1942, kl. 08.27

Web levert av CustomPublish